Hopp til innhold
John Endresson Maakestad. Foto: Helene Ingeberg. Truleg fotografert i tidsrommet 1894–1914. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.
John Endresson Maakestad. Foto: Helene Ingeberg. Truleg fotografert i tidsrommet 1894–1914. Frå arkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Nynorsk kultursentrum.
X
Innhald

John Endresson Maakestad

John Endresson Maakestad, stortingsstenograf, forfattar og politikar. I 1880-åra var han politisk aktiv som radikal venstremann, med landsmålet som ei av hovudsakene.

John Maakestad var fødd 20. august 1864 i Ullensvang og døydde 1. februar 1920. Han gjekk folkehøgskule i Seljord og på Askov i Danmark, seinare arbeidde han ei tid som handelsstyrar i heimbygda Nå. Under dei store politiske feidane omkring parlamentarisme og maktdeling i 1880-åra blei han politisk engasjert og gjekk inn i den nye venstrerørsla på den radikale sida. Han skreiv mykje i avisene, særleg i Dagbladet.

Maakestad engasjerte seg mellom anna for målsaka og prøvde seg som forfattar. På slutten av 1880-åra fekk han gitt ut nokre mindre forteljingsbøker på nynorsk. Han korresponderte med Bjørnstjerne Bjørnson, som skreiv til han at han ikkje var nokon diktar, men ein dugande journalist. Han tok så eit stenografkurs i Kristiania og blei tilsett som stortingsstenograf i 1892.

I hovudstaden blei Maakestad godt kjend med sentrale venstrefolk, men han sjølv tok mindre del i politikken. Han interesserte seg for nye oppfinningar, og i ein periode dreiv han med sal av mellom anna syklar, skrivemaskiner og såkalla kinetoskop, ein type filmapparat.

 

Kjelder

Severin Eskeland: «John Endresson Maakestad», Norsk Allkunnebok, bd. 8. Oslo 1957

Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Bygdesoga, bd. II. Odda 1962

«Stortingsstenograf J.E. Maakestad», Gula Tidend 3.2.1920

 

Peikarar

Bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 27.10.2020
Sist oppdatert: 27.10.2020