Hopp til innhold
Foto:  Tove K. Breistein/ Samlaget
Foto: Tove K. Breistein/ Samlaget
X
Innhald

Karin Moe

Karin Moe, feministisk forfattar og litteraturkritikar. Karin Moe er ein eksperimenterande skribent og debattant med mangesidig virke og frisk og fargerik profil i det litterære Noreg.

Moe er fødd 3. desember 1945 i Skien og voks opp på Stord. Ho bur i Kviteseid. Ho er cand.philol. med hovudfag i fransk litteratur. Ho arbeidde som adjunkt ved Fosen gymnas i 1974 og var timelærar ved Universitetet i Oslo 1975–81. Ho har vore tekstforfattar, forlagskonsulent og redaktør av Kritikkjournalen og nestleiar av styret i Norsk Forfattarsentrum.
 
Ho har sidan 1970-talet skrive mange artiklar i diverse tidsskrift og blad, som Vinduet, Basar, Kontrast, Sirene, Kjerringråd o.fl. 
 
Karin Moe er ein av dei mest eksperimenterande forfattarane i nyare norsk litteratur. Ho debuterte i 1980 med boka Kjønnskrift, og gav så ut fire bøker til på 1980-talet, 39 Fyk, 1983, Kyka, 1984, Mordatter, 1985 og Sjanger, essays, 1986.
 
I desse og seinare bøker bryt ho med det meste av gjengse sjangerreglar og litterære språkvanar.
 
Sjangereksperiment og språkkritikk
Bøkene 39 Fyk og Mordatter liknar på diktsamlingar, men dei er gjorde ”ureine” med andre tekstinnslag. Blove 1. bok og Blove 2. bok, som kom i 1990 og 1993, er sterkt eksperimenterande romanar. Her og i seinare bøker sjonglerer forfattaren dristig med nye blandingar av dikt, kortprosa, ordspel og slang.
 
Denne uhemma blandinga av dikt, forteljing og essayistikk gir tekstar med mange stilnivå og meiningsplan. Samstundes blir skiljet mellom sjangrane, og skiljet mellom sakprosa og skjønnlitteratur, viska ut.
 
Med desse bøkene braut Karin Moe radikalt med sosialrealismen frå 1970-talet, både formelt og tematisk. Ho avviste den store forteljinga og den realistiske teksten.
 
Kjønn og skrift
Som feminist kritiserte Karin Moe det eksisterande språket for å vere mannsdominert og fallossentrisk og maktberande. Inspirert av fransk feminisme, teoretikarar som Hélène Cixous og Luce Irigaray, utforska og tenkte ho i skriftene sine rundt spørsmålet om ein eigen feministisk poetikk, ei særeiga kvinneleg skrift, écriture feminine. Ho leita etter eit alternativt ”kvinnespråk” som kunne bere og uttrykkje kvinners identitet og erfaringar.
 
Bøkene hennar kan lesast som utprøvingar av dette prosjektet. Strategien var å undergrave og utfordre det dominerande maktspråket med frekk ironi og alternative tekstar.
 
Dei mangslungne, laussleppte og innfallsrike tekstane hennar om kvinner, kropp og kjønnsforhold kan gjerne lesast som eksperiment og utforskingar i kvinnepsyke og kvinnespråk.
 
Provoserande rabulist
Karin Moe er ikkje lesarvennleg i vanleg forstand. Med tekstar fulle av avsporingar og innfall, idémylder og kaos utfordrar ho lesaren sitt behov for samanhengande meining og set vanlege førestillingar og forventningar til litteraturen  på prøve. I tekstmylderet hennar er dessutan mykje usagt, og ein god del overlate til lesarfantasien.
 
Ho utforskar forholdet mellom kropp og skrift med tabuord og sterke gloser. Dette har verka provoserande. Både Kringkastingsrådet og meldarane protesterte mot den kraftige bruken av ”kjønnsord” då Karin Moe i 1980 las opp frå debutboka si Kjønnskrift i radio.
 
Karnevalisme
Karin Moe er lærd og akademisk og folkeleg og rampete på same tid. Bøkene er fulle av referansar til filosofiske og litteraturvitskaplege skrift. Ho kan hente impulsar frå fransk surrealisme, moderne psykoanalyse og poststrukturalistisk feministisk teori, så vel som frå folkespråket og folkelege kunsttradisjonar. Med språkleg undergraving og blanding av høgt og lågt plasserer ho seg også i den lange tradisjonen i europeisk litteratur som vi kallar karnevalisme.
 
Det var på 1980-talet og tidleg på 1990-talet at Karin Moe var mest produktiv som forfattar. I 1995 gav ho ut essaysamlinga JO. Å lesa Bibelen. I 2001 kom Rød kube, som er definert som ein dokumentarisk utopi. Elleve år seinare kom hennar hittil siste bok, esseysamlinga Skrifter.
 
Kjelder:
Sigrid Bø Grønstøl: «Vestlandslitteraturen» i Vestlandets historie. Kultur, bd. 3, s. 233. Bergen 2006
Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Vår egen tid 1980–98, bd. 8, s. 439–448. Oslo 1998

Først publisert: 23.05.2009
Sist oppdatert: 29.10.2012