Innhald
Ivar Orgland
Carl Ivar Svendsbøe Orgland, filolog og forfattar. Han la ned eit stort arbeid som formidlar av islandsk dikting og kultur.
Carl Ivar Svendsbøe Orgland
var fødd i Kristiania 13. oktober 1921 og døydde i Asker 16. juni 1994. Han tok
examen artium på reallina ved Oslo katedralskole i 1939, vart cand.philol. i
1949 med norsk hovudfag og tysk og historie sidefag og vart dr.philos. ved
Islands universitet (Háskóli Íslands) i 1969 med avhandlinga Stefán frá
Hvítadal og Noreg. Han var den første utlendingen som disputerte ved
universitetet på Island.
Orgland var
stipendiat, seinare lektor i norsk ved Háskóli Íslands 1950–60, lektor i norsk
ved Lunds Universitet 1962–69 og lektor i islandsk ved Universitetet i Oslo
1973–79. Frå 1980 var han statsstipendiat.
I studietida var han
elev av operasongar Sigurd Hoff. Han song tenor i Oslo Domkor og Sølvguttene,
var solist ved fleire kyrkjekonsertar, og under opphaldet på Island heldt han òg
eit par songkonsertar med norsk program for Islands radio.
Orgland debuterte som
lyrikar i 1950 med diktsamlinga Lilje og sverd og gav seinare ut 15 samlingar,
mellom anna Atlantider (1960), Farvegar (1964), Villgunna
dansar (1970) og Nattstill fjord (1973). Han nyttar rim og metrum
og svært ulike verseformer. Elementa hav, jord og eld går att i diktinga hans.
Orgland var ein ivrig formidlar av islandsk dikting og kultur. Han gav ut om lag 20
bøker med gjendiktingar til nynorsk av islandsk lyrikk frå mellomalderen til
vår tid. For gjendiktingane vart han i 1986 heidra med Bastianprisen. Saman med
Frederik Raastad gav han ut Islandsk-norsk ordbok i 1985, og i 1993 Norsk-islandsk
ordbok. I 1977 fekk han tildelt storriddarkrossen av Den Islandske
Falkeorden.
Orgland voks opp i
Oslo, men er gravlagd i Vikebygd i Vindafjord, der mor hans kom frå, og der han
frå barndomen av ofte heldt til om sommaren.
Kjelder
Edvard Beyer (red.): Norges
litteraturhistorie, bd. 6: Willy Dahl og Eiliv Eide:
Vår egen
tid. Stabekk 1984
Helga Sverdrup
Ekrheim, Olav Ekrheim, Håkon Norås (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1950
Ruth Gundersen: «Ivar
Orgland», minneord, Aftenposten 01.07.1994
«Kristianiagategutten
som ble nynorsklyriker», intervju, Aftenposten 18.10.1990
Hallvard Magerøy:
«Ivar Orgland», minneord, Aftenposten 06.07.1994
Trygve Juul Møller (red.): Studentene fra 1939. Oslo 1964
NTB: «Ivar Orgland 70
år 13. oktober», 1991
Reidar Storaas: «Ivar
Orgland», minneord, Bergens Tidende 24.06.1994
Først publisert: 15.02.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018
Sist oppdatert: 17.04.2018