Faktaboks

Knut Ødegård
Fødd
6. november 1945, Molde
Verke
Lyrikar
Familie

Foreldre: Politimann og hovudkasserar Arne Knutson Ødegård (1911–95) og Sigrid Anna f. Hol (1908–99).

Gift 1) 3.11.1968 med Sigrun Tiedemann Andersen (23.10.1948–2021), dotter av konditor Einar Tiedemann Andersen (1910–87) og Signe Nordby (1915–2011), ekteskapet oppløyst 1981; 2) 2.8.1981 med dirigent og musikkpedagog Thorgerdur Ingólfsdóttir (5.11.1943–), dotter av adm. direktør og dirigent Ingólfur Gudbrandsson (1923–2009) og lærar Inga Thorgeirsdóttir (1920–2010).

Born: Mali Frøydis Ødegård (1969-) og Hege Kristine Knutsdotter Ødegård (1973-)

Knut Ødegård
Foto frå 2000.
Av /NTB Scanpix.
Knut Ødegård
Foto frå 1973.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Knut Ødegård er ein norsk lyrikar, som ved sida av forfattarskapen har drive eit mangslungent virke som kulturformidlar, kritikar, omsetjar og rettferdskjempar. Han har også vore aktiv i fleire organisasjonar. Ødegårds diktsamlinger er omsett til 42 språk og han har fått flere prisar.

Forfattarskapen

Knut Ødegård debuterte i 1967 med diktsamlinga Drøymaren, vandraren og kjelda og har seinare gitt ut ei rekkje diktsamlingar i eit varierande formspråk som viser fin stigning, mellom anna Vind gjennom Romsdal (1978) og Biesurr, laksesprang (1983).

Kinomaskinist (1991) representerer overgangen til ein ny og vital, realistisk og utfordrande dikting som blir følgd opp i Buktale (1994), den katolsk orienterte Missa (1998) og Stephensen-huset (2003). Dikt i utval kom i 1995, redigert av Kolbein Falkeid og Edvard Hoem og Kringsjå, dikt i utval ved Thorvald Steen, i 2005. I 2009 kom den omfangsrike samlinga Det blomstra så sinnssjukt. Den består i hovudsak av narrative dikt, gjerne slik at fleire av dei saman fortel ei historie.

Ødegårds store interesse for vestnordisk og irsk kultur viser seg gjennom mange gjendiktingar av islandske, færøyske og irske diktarar, mellom anna samleverka Færøysk lyrikk (1974), Moderne islandske dikt (1990) og Grøne dikt, 9 moderne irske lyrikarar (2005, saman med Jostein Sæbøe), men også større mellomalderdikt som Lilja (1980) og Geisli (1982). I 2013–2016 gav han ut eit firebandsverk med gjendiktingar av alle Edda-dikt.

I 2015 kom Drankarar og galningar, dikt i utval ved Endre Ruset, og i 2017 ga Ødegård ut Tida er inne, som ble nominert til Brageprisen og vant Wildenveys poesipris. Det episke langdiktet Samuel Pedersens reisedagbok kom ut i 2023.

Ødegård har også gitt ut barne- og ungdomsbøker, skodespel og to omfattande fagbøker om Island: Island, øya mellom øst og vest (1992) og Island, fra saga til samtid (1998), med innleiingar av Vigdís Finnbogadóttir.

I 2020 ga Ødegård ut romanen Fuglespråk.

Verv og organisasjonsliv

Ødegård har ved sida av forfattarkarrieren verka som kritikar og har hatt ei rekkje verv knytt til litterære organisasjonar. Han har også teke initiativ til sentrale norske litteraturfestivalar.

Ødegård var forlagssjef i Noregs Boklag i perioden 1975–1977, fylkeskultursjef i Sør-Trøndelag i perioden 1977–1983 og direktør for Nordens Hus i Reykjavik i perioden 1984–1989.

I 1992 grunnla Ødegård Bjørnsonfestivalen, der han var president i perioden 1992–2001. I 2003 tok han initiativ til Bjørnstjerne Bjørnson-akademiet der han var preses i perioden 2003-2015. I 2007 tok han initiativet til Nordisk Lyrikkfestival, Rolf Jacobsen-dagane på Hamar, der han var kunstnarisk leiar til 2009.

Ødegård var generalsekretær i det europeiske poesiakademiet – The European Academy of Poetry frå 2009–2013. Han var jurymedlem i International IMPAC Dublin Literary Award frå 2003–2008. Han har vore styremedlem i Den norske Forfatterforening, styremedlem i Norsk P.E.N. og nestleiar i Det Litterære Råd. I 1997 vart han generalkonsul for (Nord-)Makedonia.

Frå 1969 til 2009 var han litteraturkritikar for Aftenposten, og frå 2009 for Vårt Land.

Han er statsstipendiat frå 1989 og frå 2017 professor h.c. i poesi ved Mongolias statsuniversitet.

Utmerkingar

Bibliografi

Diktsamlingar

  • 1967: Drøymaren, vandraren og kjelda (Noregs Boklag)
  • 1968: Konsert i eit kvitt hus (Noregs Boklag)
  • 1970: I pensjonatet (Noregs Boklag)
  • 1972: Det mørke regnet (Aschehoug)
  • 1978: Vind gjennom Romsdal (Noregs Boklag)
  • 1983: Biesurr, laksesprang (Cappelen)
  • 1991: Kinomaskinist (Cappelen)
  • 1992: Molde, mitt Molde (dikt og prologar ved eit jubileum) (Dahl Libris og Molde kommune)
  • 1994: Buktale (Cappelen)
  • 1995: Dikt i utval, redigering og føreord av Kolbein Falkeid og Edvard Hoem (Cappelen)
  • 1998: Missa (Cappelen)
  • 2003: Stephensen-huset (Cappelen)
  • 2005: Kringsjå, forord og utvalg ved Thorvald Steen (Cappelen)
  • 2009: Det blomstra så sinnssjukt (Cappelen Damm)
  • 2015: Drankarar og galninger (Cappelen Damm)
  • 2017: Tida er inne (Cappelen Damm)
  • 2020: Sirkusdirektøren (Cappelen Damm)
  • 2023: Samuel Pedersens reisedagbok (Cappelen Damm)

Barne- og ungdomsbøker

  • 1974: Fuglen og draumen, illustrert av Frits Solvang (Noregs Boklag)
  • 1983: Ørneblodet (Tiden Norsk Forlag)
  • 1984: Gudehovet (Cappelen)

Faglitteratur

  • 1992: Island, øya mellom øst og vest (Aschehoug)
  • 1998: Island, fra saga til samtid (Aschehoug)
  • 2010: «Eksempelet Island. Om hvordan nykapitalismen angriper et folk» (redigert, Arneberg Forlag)
  • 2011: «Olav den hellige. Spor etter helgenkongen», saman med Lars Roar Langslet (Forlaget Press)
  • 2011: «Mennesket i sorteringssamfunnet» (redigert, Arneberg Forlag)

Skodespel

  • 1977: Hoggormen (Dreyers Forlag)

Gjendiktingar

  • 1973: Einar Bragi, Regn i mai (Noregs Boklag)
  • 1974: Færøysk lyrikk, med essay (Aschehoug)
  • 1974: Gyula Illyés, Dikt i utval, saman med Vince Sulyok (Aschehoug)
  • 1976: Ólafur Jóhann Sigurðsson, Ved brunnane (Aschehoug)
  • 1980: Eysteinn Ásgrímsson, Lilja, med essay (Tiden Norsk Forlag)
  • 1982: Einarr Skúlason, Geisli, med essay (Tiden Norsk Forlag)
  • 1983: Thor Vilhjálmsson, Fort fort, sa fuglen (Fljótt, fljótt sagdi fuglinn), med etterord (Det Norske Samlaget)
  • 1990: Moderne islandske dikt, med essay (Det Norske Samlaget)
  • 1994: Matthías Johannessen, Om vindheim vide, eller Nå gror jord som før (Vellekla) (Cappelen)
  • 1996: Milan Richter: Røter i lufta, saman med Lubo Mauer og Ivan Čičmanec (Cappelen)
  • 2002: Matthías Johannessen, Salmer i atomalderen (Sálmar á atómöld) (Cappelen)
  • 2005: Grøne dikt (9 moderne irske lyrikarar), utval, gjendikting og etterord saman med Jostein Sæbøe (Cappelen)
  • 2007: Jóhann Hjálmarsson: Storm er et vakkert ord, utvalg, gjendikting og essay (Solum)
  • 2010: Friedrich Schiller: «Don Carlos» (Samlaget)
  • 2011: Fine spinn av draumar, makedonsk lyrikk, gjendiktingar og essay, saman med Yasminka Markovska (Dreyers Forlag)
  • 2013: Edda-dikt I, Voluspå og Håvamål, med essay og kommentarar, føreord ved tidlegare president Vigdís Finnbogadóttir.
  • 2014: Edda-dikt II, Gudedikt, med essay og kommentarar, føreord ved Jon Fosse.
  • 2014: Gerður Kristný: Blodhest, med etterord (Nordsjøforlaget)
  • 2015: Edda-dikt III, Heltedikt, del 1, med essay og kommentarar, forord av Lars Roar Langlset (Cappelen Damm)
  • 2016: Edda-dikt IV, Heltedikt, del 2, med essay og kommentarar, forord av Kari Vogt (Cappelen Damm)
  • 2021: Einar Már Guðmundsson: Til rette vedkomande, med etterord (Cappelen Damm)
  • 2022: Paul Murray: Sei oss, diktar, forord av Øystein Lund (St. Olav forlag)

Roman

  • 2020: Fuglespråk (Cappelen Damm)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (5)

skreiv Oskar Vistdal

Vennligst rett feil i overskriften og i første linje.

skreiv Kjell-Olav Hovde

Hei Oskar. Fint at du meldte fra om feilen. Det er feil med en del titler som inneholder bokstavene æ, ø og å, eller tegn som & og /. Vi retter opp når vi blir gjort oppmerksomme på det. Hilsen Kjell-Olav i redaksjonen

skreiv Knut Ødegård

Eg kom i dag til å lesa det som står om meg sjølv i leksikonet. Det manglar mykje oppdatering. Eg opna like etterpå Wikipedia-artikkelen om meg, den er meir ajour, og det er korrekt det som står der. Eg kan gjerne bidra med opplysningar om det er ynskjeleg.Med venleg helsingKnut Ødegård

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei Knut. Takk for tips. Jeg har oppdatert artikkelen så den er ajour og lagt til en litteraturliste. Beste hilsen Kjell-Olav i redaksjonen.

skreiv Dyre Vaa

Knut Ødegård fikk Herman Wildenveys poesipris i 2018

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg