Hopp til innhold
X
Innhald

Kristofer Juvkam Ørjavik

Kristofer Juvkam Ørjavik (1911–1990) var prest og salmediktar. Han verka lengst i Gransherad. Frå 1969 til 1977 gav han ut fire samlingar med dikt og salmar. I den siste, Vesper, har han også omsetjingar av nyare tyske salmar. Han skreiv både frie vers og rimdikt, men han brukar ofte liturgiske omgrep som rammer i bøkene sine. Fleire av omsetjingane hans er komne med i Norsk Salmebok.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018