Hopp til innhold
Foto: Odd Goksøyr
Foto: Odd Goksøyr
X
Innhald

Øystein Orten

Øystein Orten er lyrikar og romanforfattar, med eit førebels hovudverk i den laust samanbundne romantrilogien Livingstones Retrett, Vegen til Neverland og Rabarbrakrigen. I seinare utgivingar har Orten skrive seg inn i nye sjangrar, og i både noveller og dokumentarbok understrekar forfattaren sitt litterære rotfeste på Nordvestlandet.

Øystein Orten er fødd 22. juni 1962 på Hareid. Han tok hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen i 1988, med hovudoppgåva «Organiseringa av det kristelege ungdomsarbeidet på Sunnmøre ca. 1870–1920». I tillegg til forfattargjerninga er han tilsett som lektor ved Ulstein vidaregåande skule.
Lyrikk
Orten debuterte med diktsamlinga havflammen i 1995. Han har seinare gitt ut to diktsamlingar til: fluktliner (2000) og kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (2004). I mange av dikta dannar vêr og natur det tematiske utgangspunktet. I samlinga fluktliner er dette gjort ved at eit fjordlandskap oppstår i stendige møte mellom det som er, og det som har vore – eit landskap som skaper rom for både menneske og historie.
Tidsbilete i romantrilogi
I 2003 romandebuterte Orten med slektskrønika Livingstones retrett. Handlinga er lagd til øya O i tidsromet frå tidleg 1900-tal til 1940. Det harde kystmiljøet mellom fiskarbønder på Nordvestlandet vert teikna opp. Ein gut veks opp i dette forblåste miljøet mellom dei to krigane, og han utgjer bandet til neste roman, Vegen til Neverland (2005).
Som i den første romanen er handlinga i Vegen til Neverland omslutta av ei notidig forteljarstemme, som både innleier og avsluttar – eit eg, som gjer at romantrilogien også blir eit søk etter identitet og rotfeste. Vegen til Neverland dekkjer krigsåra og tida fram til 1962. Dette er det året forteljaren sjølv vert unnfanga, og romanen fortel historia til foreldra slik han maktar å rekonstruere henne. Samstundes er romanen ei skildring av okkupasjonstida i norsk historie, ei fiksjonsskildring som trekkjer storpolitikken inn i heimen.
Den siste romanen i hovudverket er ei oppvekstskildring. Rabarbrakrigen (2007) tek for seg oppveksten i ei kystbygd på Nordvestlandet på slutten av 1960- og byrjinga av 70-åra. Mellom bedehus og rock, med ei splittande EEC-avstemning under oppsegling og eit mangfald av bygdeoriginalar byggjer Orten dei siste tidsbileta i trilogien.
I omtalen av romanprosjektet finn Orten det nødvendig å presisere tilhøvet til røyndomen ved å seie at romanane har autentiske innslag frå norsk og utanlandsk historie, men utan at desse innslaga gjer krav på å vere dokumentarisk korrekte. I Rabarbrakrigen, som er lagd til ei tid og eit miljø som liknar forfattaren sin eigen oppvekst, understrekar han òg at det er tale om ei fiktiv forteljing.
Mosaikk over krigshistorie
I 2009 kom dokumentarboka Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940–45. Her grip Orten inn i krigsåra frå ein annan vinkel enn i romanen Vegen til Neverland. Gjennom ein mosaikk av einskildhistorier, langt dei fleste frå Vestlandet, teiknar forfattaren okkupasjonshistoria nedanfrå. Historiene til kjende motstandsfolk som Shetlands-Larsen, Martin Linge og Jan Baalsrud vert vovne saman med meir ukjende einskildhistorier som han følgjer kronologisk gjennom åra med tysk okkupasjon av Noreg.
Orten fremjar i dokumentarboka ei tradisjonell forståing av den norske motstandskampen, men knyter på ein meir utradisjonell måte banda mellom erfaringane til dei mange einskildpersonane og vidare til det store krigsspelet. I etterordet heiter det om dokumentarboka: «Kvart eit ord som blir sagt, og kvar ein tanke som er uttrykt, er fundert i dei munnlege og skriftlege kjeldene.» Dette understrekar skilnaden mellom dokumentarprosjektet og den tidlegare romantrilogien.
Sjabervik
I den åttande utgivinga si gir Orten seg i kast med novellesjangeren. I Sjabervik (2011) strekkjer han 21 noveller over 175 år i ei tenkt sunnmørsbygd, inndelt i tidsepokar med metrologiske nemningar frå ordboka til Ivar Aasen: frost, læke, disme og kyld. Endringar i språkdrakta er med på å understreke tidsspennet, frå dansk til riksmål og nynorsk. Mange av karakterane til Orten er menneske som har falle utanfor i historia, med harde prøvingar og materiell naud. Trass i dei store spranga i tid vev Orten band og knyter personane i ulike noveller saman. Som i forfattarskapen elles kjem vi nær temperamentet, vêret og historia som ligg i folket på Nordvestlandet.
Kjelder
Atle Christiansen: «Bøker: Ei stor forteljing», Dag og Tid nr. 47, 2003
Øystein Orten: havflammen. Oslo 1995
Øystein Orten: fluktliner. Oslo 2000
Øystein Orten: kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her. Oslo 2004
Øystein Orten: Livingstones retrett. Oslo 2003
Øystein Orten: Vegen til Neverland. Oslo 2005
Øystein Orten: Rabarbrakrigen. Oslo 2007
Øystein Orten: Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940–45. Oslo 2009
Tiril Rem: «Historier om dei som fell utanfor», Dag og Tid 6.5.2011
Jan Inge Sørbø: «Noveller for alle årstider», Morgenbladet 27.5.2011
Forfattarside om Øystein Orten, samlaget.no: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/o/oeystein-orten.aspx [lesedato 16.4.2013]

Først publisert: 08.11.2013
Sist oppdatert: 11.02.2014