Hopp til innhold
X
Innhald

Tor Obrestad

Tor Obrestad, ein av våre fremste lyrikarar, særprega novellist og profilert romanforfattar. Obrestad har skrive ei rekkje forfattarbiografiar, artikkelsamlingar om litteratur og fagbok om Rogalands arkeologi. Han skreiv programartiklane då ei gruppe unge forfattarar i 1966 hadde teke over studenttidsskriftet Profil.

Tor Obrestad er fødd på Forus i Rogaland 12. februar 1938. Han voks opp på Obrestad på Jæren, var odelsson og skulle bli bonde, men lét garden over til ein yngre bror. Han gjekk først Landbrukets folkehøgskole på Mysen i 1956, tok artium ved Rogaland offentlege landsgymnas i 1959, deretter eksamen ved Elverum lærarskole i 1961. Obrestad var aktiv idrettsmann og var med i skiløparkompaniet i Garden. Innimellom hadde han vore lærar i to år før han tok engelsk mellomfag i 1965 og pedagogikk mellomfag i 1966 ved Universitetet i Oslo.

Same året debuterte han med diktsamlinga Kollisjon og novellesamlinga Vind. Sidan har han vore forfattar. I tillegg var han forlagskonsulent i Gyldendal i ei årrekkje og var litteraturkritikar i Aftenposten i 1966–68. I Stavanger Aftenblad var han litteraturkritikar i 1983–92 og journalist i 1992–2005.

Nokre viktige titlar i Obrestad sin forfattarskap er Dikt i samling (2008), Kvinnene i Casablanca og andre historier (2002), Sauda! Streik! (1972), Sannhetens pris. En beretning (biografi om Alexander L. Kielland, 1996), Hulda. Ein biografi (1992), Tenningar. Skrivestykke gjennom 20 år (1986). Den lengste historia. Rogaland 10 000 f.Kr.–1350 e.Kr. (2004).

Reinsa språket for litterære klisjear

Med debutsamlinga Kollisjon (1966) fornyar Tor Obrestad diktspråket, reinsar det for litterære klisjear, abstraksjonar og daudt biletspråk i eit knapt, reinskrapa uttrykk. I dei neste diktsamlingane utvidar han diktspråket, opnar det for røyster, situasjonar og perspektiv frå ei levande samtid, med feste i topografiar som Jæren, det nordiske sommarlandskapet eller mindre stader og rom der menneske lever og ferdast, arbeider og elskar. «Vi» eller «eg» vendt mot eit «du» gjer dikta på same tid poengterte og fortruleg samtalande, gjerne med magisk funksjon mot situasjonar og opplevingar der velkjent og ukjent møtest og går i hop i lange, fulltonande rytmar.

Ladde situasjonar

Tekstar i ulike sjangrar skaper ladde situasjonar som i ein brå støkk av lyst eller gru kan opna for eksistensiell innsikt gjennom opplevingar av grenser for det levande. Dette suget gir indre spenning til nokre av romanane og dei mange novellene. I novellesjangeren, der den uhøyrde hendinga bryt inn med krise og kritisk perspektiv, teiknar forfattaren slåande, stundom nådelaust morosame bilete av ei samtid som er både galen og vakker.

Politisk raptus

Ein politisk raptus prega forfattarskapen i 1970-åra, med ideologiske dikt som ikkje var vellukka og to politisk-agitatoriske romanar. Obrestad gjekk ikkje over til den alderdomlege sosialrealistiske skrivemåten som andre av dei marxist-leninistiske forfattarane på den tida. I staden for ideologiserande historieskriving i romanform kom Obrestad med reportasjeromanar som greip direkte inn i streikekampar, vekte oppstyr og fekk politisk verknad med store opplag, den eine òg som film. Parolar og kommunistisk streikelære, rapportar og referat går saman med mange slag røyster i ein kollasj-komposisjon som gjer stilen rå og beint på, prega av aksjonisme og Sartre heller enn leninistisk totalforståing.

Filosofisk botn

Etter den ideologiske fasen kjem frå 1988 fire store diktsamlingar, som utgjer høgdepunkt i forfattarskapen. Erotiske kjærleiksdikt er sentrale i desse bøkene. I den eine av dei, Ohrid (1999) er kjærleiksdikta eit samlande perspektiv i ein syklus frå Balkan. I finstilt lyrisk uttrykk registrerer desse tekstane korleis avleira hat får nytt liv og gjer krigen mogleg. Forfattaren har sett dette lyriske perspektivet inn i ein forteljande samanheng, som gjer menneske synlege før, i og etter krigen. Lyriske topografiar frå mange land og fleire kontinent gjer det nifst levande korleis krigane i det nye tusenåret slår inn i liv og tenking langt borte frå krigssonene, og legg seg over glede og livskjensle.

Om Arne Garborg, Hulda Garborg og Alexander Kielland har Obrestad lagt fram mykje nytt i store biografiar og i artiklar der han set desse og andre forfattarar i eit anna lys enn før. Forståingsmåten og livstolkinga i desse bøkene og artiklane er ein eksistensialisme som ligg som ein filosofisk botn i heile forfattarskapen.

Kjelder

Helge Torvund: Sjelsord. Om terapi, poesi og hypnose (2008)

Hadle Oftedal Andersen: «Struktur, teikn og Kollisjon i eit dikt frå Obrestads debutsamling», i Ole Karlsen (red): Krysninger. Om moderne nordisk lyrikk (2008)

Paal-Helge Haugen: «Poeten som den gode bokhaldaren». Klassekampen 18.12.1978

Profil 1966, hefte 1–4

Vidare lesing

Norsk biografisk leksikon 2. utg.

Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 26.07.2017
Sist oppdatert: 28.02.2019