Hopp til innhold
Arne Ruset. Foto: André Løyning, Bokvennen forlag.
Arne Ruset. Foto: André Løyning, Bokvennen forlag.
X
Innhald

Arne Ruset

Arne Ruset, forfattar som ofte rettar merksemda mot forholdet mellom driftsliv, samspel, personlegdomsutvikling og normalitet.

Arne Ruset er fødd 18. juni 1951 og voks opp på ein gard i Fjørå i Tafjorden på Sunnmøre. Han studerte psykologi og sosiologi ved Universitetet i Bergen, og deretter medisin ved Universitetet i Tromsø. Ruset er overlege i psykiatri.
Han debuterte 22 år gamal med diktsamlinga Spelemannslaget Love i 1973. Først i 1982 følgde diktsamlinga Kunsten å stupe seg inn i ein by. Seinare har han gitt ut fleire diktsamlingar, noveller og barnebøker. I 1987 fekk Ruset Litteraturkritikarprisen for Aldri åleine, den første barneboka hans. I 1999 fekk han Kulturdepartementets biletbokpremie saman med Anne Kristin Hagesæther for Over fjell, over hav.
Ruset tok tidleg til orde for at dersom lyrikken skal verte levande, må han ha nedslagsfelt utover tradisjonelle formidlingskanalar, som til dømes radioprogram (i artikkelen «Kjenne og forstå»). Her gav han òg uttrykk for at eit mål med dikta hans var å bruke eit «tilnærma kvardagsspråk», der mottakarane gjennom identifikasjon så å seie skulle kjenne dei «på eigen kropp».
Driftslivet er viktig i forfattarskapen til Ruset, også når han rettar søkjelyset mot lagnaden til den sjukelege avvikaren. Det isolerte mennesket er eit motiv som stadig går att. Fantasi, flukt frå røyndomen gjennom musikk og draum, til dømes om sex, kan kompensere for einsemd. Lengt etter nærleik, men òg sosialt opprør, er motiv i ungdomsromanen Hippie frå 2002, der vi møter att hovudpersonen frå Aldri åleine. Bøkene har sterk tidskoloritt og gir innblikk i oppvekst i ei isolert bygd og lausriving frå heimen i møtet med utdanningssamfunn og ungdomskultur i tida rundt 1970. Ruset skriv her med humor og ironisk distanse, men tek opp viktige spørsmål om ungdommeleg jakt på identitet gjennom å teste ut grenser og utprøve nye roller på veg inn i vaksenlivet.
Kjelder
Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600–1975. Eit diktutval med biografiar og bibliografiar. Oslo 1977
Arne Ruset: «Kjenne og forstå», Vår samtid nr. 2/1975

Først publisert: 14.09.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018