Faktaboks

Kjersti Rorgemoen
Fødd
3. januar 1982, Vinje i Telemark

Kjersti Rorgemoen er ein norsk litteraturvitar, forfattar og frilansskribent. Ho har ein særeigen skrivestil og eit skrått og humoristisk blikk på kvardagslivet.

Bakgrunn

Ho var student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2004–05. Rorgemoen fullførte mastergraden i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen i 2007, med oppgåva «Her er mine Dyr. Ei undersøking av essaysubjektet i Ferdaminni fraa sumaren 1860.

Ho har vore kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet, redaksjonsmedlem i Vagant (2011–12) og frilansskribent for Dag og Tid og litteraturtidsskriftet Kraftsentrum. Frå 2016 sit Rorgemoen i styret for Litteraturdagane i Vinje.

Saman med mellom andre Agnes Ravatn var ho redaktør av undergrunnsfanzinen Ikke til hjemlån (2006–08), som òg blei bok.

Forfattarskap

Kjersti Rorgemoen debuterte som forfattar i 2009 med kortprosaboka Purkene snudde seg. Boka inneheld eit tjuetals notat skrivne av den ikkje heilt tilpassa 42 år gamle figuren Magna Bekk, og det heile er pinleg, absurd, muntert og dystert.

I 2015 kom romanen Håpet og festen. Hovudpersonen er ei kvinne i 30-åra som livet har stagnert for, som arbeider ved makuleringstenesta til Fretex i Bergen. I 2020 kom romanen Eit praktisk menneske.

Rorgemoen har ein skrivestil der snodige tankesprang, sjølvanalyse og skarpe observasjonar blir formidla gjennom korte kapittel og eit finstilt og humoristisk språk.

Utmerkingar

Bøkene til Rorgemoen er blitt godt mottekne. I 2009 fekk ho Natt & Dag sin Bergenspris for Purkene snudde seg. I 2016 fekk ho Bokhandelens forfatterstipend og var nominert til Ungdommens kritikarpris for Håpet og festen.

Utgivingar

  • Eit praktisk menneske (roman, Kolon, 2020)
  • Håpet og festen (roman, Kolon, 2015)
  • Første forsøk (medforfattar) (essay, Cappelen Damm, 2010)
  • Purkene snudde seg (prosa, Kolon, 2009)
  • Ikke til hjemlån (medforfattar) (humor, Samlaget, 2008)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg