Faktaboks

Mads Rage
Fødd
6. september 1982, Bergen, Vestland
Mads Rage.
Av /Samlaget.

Mads Rage er ein norsk forfattar som skriv romanar der det burleske, humoristiske, fantasifulle, men òg alvorlege står sentralt.

Bakgrunn

Mads Rage er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han var elev ved Os gymnas i 1998–2001. Åra 2003 til 2006 studerte han Kommunikasjonsteknologi og nye medium ved Universitetet i Bergen. Rage studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2013–2014.

Rage var konsulent i NextGenTel AS på Sandsli ved Bergen frå 2007 til 2013. Frå 2017 har han vore rådgivar i Politiets IKT-teneste i Oslo. Frå studietida i Bergen har han røynsle som produsent, journalist og fotograf frå Bergen Student-TV, studentavisa Studvest og studentmagasinet AKA.

Forfattarskapen

Overdrivingar, forenklingar og ellevill fantasi kjenneteiknar Rage sitt fiksjonsunivers. I 2018 debuterte han med romanen Og skipet siglar vidare. Handlinga går føre seg om bord på ei seglskute i ei mystisk og postapokalyptisk tid. Tilsynelatande er mannskapet om bord dei siste og einaste menneska på jorda. Sjukdom rår, og mange døyr. Det er bøker om bord, men sidan ingen kan lese, kjem kunnskapen i bøkene lite til nytte. Dekksguten Poll er skuta sin vaskeansvarlege og hovudperson i romanen. Og skipet siglar vidare kan lesast som ein allegori, der skuta og mannskapet symboliserer jorda og sivilisasjonen.

Miklastaur (2019) er ein roman om Emmanuel Miklastaur, ein gut som veks opp i ei lita bygd. Han er fødd med ein enormt stor penis, noko som gir både gleder og utfordringar. Rage skriv fram eit burlesk, ellevilt og frodig univers, men med alvorlege undertonar. Dette er ei forteljing om det å vere annleis og å verte sosialt utstøytt. Men det går faktisk an å kjenne seg utanfor, vere ven med ein hest og samstundes greie å utrette noko i livet. Romanen Tre vener og ein dum ting (2020) handlar, slik tittelen seier, om tre vener det skjer ein dum ting med, nemleg at to av venene skyt den tredje i hovudet og må redde han på merkverdig vis.

Rage er representert med noveller i Cappelen Damm sin debutantantologi Signaler 2014. Same året var han representert med prosautdrag i Fra det hvite hjørnet, Skrivekunstakademiets studentantologi.

Bibliografi

  • Tre vener og ein dum ting (Roman, Samlaget, 2020)
  • Miklastaur (Roman, Samlaget, 2019)
  • Og skipet siglar vidare (Roman, Samlaget, 2018)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg