Hopp til innhold
X
Innhald

Magnar Rygg

Magnar Rygg var ein forfattar som skreiv kvardagsnære og samfunnsengasjerte tekstar, med ein tydeleg bodskap om at livet må levast her og no.

Magnar Rygg var fødd 21. september 1948 i Gloppen og døydde 17. desember 2000. Han var lærar, skuleleiar og forfattar. Etter eksamen ved Firda gymnas (1967) og lærarskulen i Volda (1971) var han lærar, etter kvart også i administrative stillingar, fleire stader i landet, mellom anna i Giske, Høyanger, Kåfjord og Gloppen. Då han døydde, var han tilsett ved Høgskulen i Vestfold og i ferd med å avslutte eit doktorgradsstudium.

Rygg gav ut tre bøker i åra 1973–82, to diktsamlingar og ei barnebok. Men han skreiv i alle år – sjølv om han ikkje gav ut bøker – mellom anna i Sogn Dagblad, Sunnmørsposten og Dag og Tid. I åra i Kåfjord i Troms var han aktiv i Nordnorsk forfatterlag, engasjert i både forfattarpolitikk og i praktisk litteraturformidling. Han var nestleiar i laget i 1982–84.

Magnar Rygg debuterte med diktsamlinga Vårt minutt i 1973. Både her og i samlinga berre vi hev oss heim att (1977) gjekk han inn i samtida med kvardagsnære dikt. Eit sentralt tema er knytt til spørsmål om korleis vi nyttar den korte tida vår her på jorda – til bate for oss sjølve og for jordkloden. Forfattaren ser med skepsis på mange sider ved samfunnsutviklinga, men i begge samlingane finn vi òg tekstar om mellommenneskelege relasjonar – om lengslar og einsemd, men også om livsgleder.

Det same medvitet om samtida, om ansvaret for seg og sine, finn vi i barneboka Måsen som ikkje ville døy (1982), illustrert av Einar Aarø. Her handlar det om då fuglefjellet i Ålesund sentrum skulle sprengjast – og om konsekvensane for fuglane som budde i fjellet. Historia om måseparet Krii og Ghea kan lesast både konkret som ei forteljing om då fuglefjellet i Ålesund vart sprengt, og som ei biletleg dommedagsforteljing, der positive livskrefter vert truga av moderne teknologi og tenkjemåtar. På tomta der fuglefjellet stod, vart det bygt eit høghus med 11 etasjar.

Kjelder

Ove Eide: «Ei stemme å lytte til. Om Magnar Ryggs forfattarskap», i Ljøren. Sogeskrift for Gloppen 2004. Sandane 2004

Peikarar

Digitaliserte bøker av Magnar Rygg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Magnar Rygg på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane»

Først publisert: 13.06.2018
Sist oppdatert: 13.06.2018