Hopp til innhold

Olav Anfinnson Refsdal

Olav Anfinnson Refsdal, norskamerikansk prest og målmann.

Olav Anfinnson Refsdal vart fødd 18. november 1862 i Vik i Sogn og døydde 29. mai 1945 i Amerika. Han gjekk to år på Sogndal folkehøgskule og deretter Hamar Lærerseminar (1880–82) og var så lærar i sju år, før han utvandra i 1889. Same året byrja han på eit fireårig teologistudium og vart uteksaminert som teolog ved Augsburg Seminary i Minnesota i 1893. Same året vart han gift med Inger Løbeck.

Refsdal arbeidde deretter som prest i nesten 50 år i ulike statar. I tillegg til prestegjerninga redigerte han to tidsskift: Barnets Ven (1899–1903) og fråhaldsbladet Lyngblomsten (1907–15). Han publiserte preiker, gav ut ei salmebok, Salmernes Bog i Bibelen (1917), og Læsebogen, ei lesebok for kyrkjeskulane (to opplag, 1903 og 1904). Av skjønnlitterære bøker gav Refsdal ut To konfirmanter – Fortælling for børn (1902), lyrikksamlinga Fagerliens Tvillinger eller Hverdagslivet (1913), Samuel (1916), Elias (1916) og Barnebogen (1924). Alle desse bøkene inneheld enkle oppbyggjelege forteljingar. I tillegg publiserte han ei mengd dikt i ulike norskamerikanske aviser og blad. Motivmessig krinsar dikta om heimbygda, slekta og norsk natur.

Refsdal synte stor interesse for målsaka og skreiv fleire tekstar på nynorsk og heldt preiker på målet. Læsebogen er den einaste leseboka på norsk i Amerika med nynorske tekstar. Fagerliens Tvillinger inneheld sju dikt på nynorsk. Refsdal var òg med i skriftstyret i nynorskbladet Norrøna, men bidrog lite. Berre to dikt og to brev til redaktøren ber namnet hans. Refsdal var òg ein ihuga fråhaldsmann og var i fleire år sekretær i den nasjonale fråhaldsrørsla.

Kjelder

Arne Sunde: «Olav Anfinnson Refsdal. Prest og diktar i Amerika». Pridlao nr. 1/1989, s 18–19, Vik Historielag 1989

Først publisert: 02.05.2018
Sist oppdatert: 02.05.2018