Absalon Steinsaaker
Absalon Steinsaaker var lærar og bygdediktar, som skreiv dikt inspirerte av norsk natur og norsk historie.
Alf Å. Sæter
Alf Å. Sæter (f. 1935) frå Aukra arbeidde som fotograf i Molde og debuterte med romanen Mitt stakkars nye liv (1974).
Andreas J. Sandsdalen
Andreas J. Sandsdalen, lyrikar, bygdekunstnar og forfattar av historiske spel. Han dreiv med teikning, måling og illustrasjon. Aktiv i motstandsrørsla under krigen.
Anna Sandnes
Anna Sandnes
Anna Skeide
Anna Skeide
Anna Skeide, modernistisk lyrikar. Frå enkle oppvekstskår ved kysten, utan utdanning og med eit tradisjonelt kvinneliv som livsform, steig ho i moden alder fram som ein myndig lyrikar med originale og stilsikre dikt.
Anton Solheim
Anton Solheim
Anton Solheim, forfattar og lærar, skreiv barnebøker der vi følgjer born på landsbygda i deira eigne omgivnader.
Are Frode Søholt
Are Frode Søholt
Are Frode Søholt, songar, kulturadministrator og forfattar som har prega kulturlivet i Nordfjord gjennom tilskipinga av Gloppen musikkfest.
Aud Søyland
Aud Søyland
Aud Søyland, språkkonsulent, omsetjar, forfattar, folkemusikar og tidlegare kommunepolitikar frå Leira i Valdres. Ho har redigert Nynorsk ordliste sidan 1999.
Audun Sjøstrand
Audun Sjøstrand, lektor, bokmeldar, korist og forfattar av prislønt vestlandskrim i åra 1985–91.
Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard, forfattar og folkehøgskulemann som var sentral i det norske folkehøgskulemiljøet i fleire tiår.
Bjarte Sindre
Bjarte Sindre
Bjarte Sindre er forfattar, lektor og lokalhistorikar. I romanar med handling frå norrøn tid kombinerer han kulturformidling og spenning.
Bjørn Sortland
Bjørn Sortland
Bjørn Sortland, prislønt og produktiv forfattar av barne- og ungdomsbøker som skriv på både nynorsk og bokmål og har gitt ut meir enn 40 bøker sidan byrjinga av 1990-talet.
Cecilie N. Seiness
Cecilie N. Seiness
Cecilie Nyborg Seiness, journalist, forfattar og forlagsredaktør, har utmerkt seg som ein dyktig portrettjournalist.
Edvard Storm
Edvard Storm
Edvard Storm, diktar og skulemann, bidrog til å skape det nynorske skriftspråket – og den danske folkeskulen.
Eigil Steinsfjord
Eigil Steinsfjord
Eigil Steinsfjord var lektor og forfattar, og han våga å ta opp vanskelege tema som skuld, skam og samlivsproblem.
Einar Skjæraasen
Einar Skjæraasen
Einar Skjæraasen blei ein folkekjær diktar medan han levde. Han er særleg knytt til linjene «Du ska itte trø i graset» og «Danse mi vise, gråte min sang». Det skal vere komponert fleire melodiar til Skjæraasens dikt enn talet på dikt han har skrive. Skjæraasen skreiv på riksmål og på si eiga Trysil-dialekt.
Einar Sæter
Einar Sæter
Einar Sæter, redaktør og forfattar frå Nordmøre. Han har skrive bøker om tida som agent i etterretningstenesta XU under andre verdskrigen.
Eirik Sommer
Eirik Martin Torvaldsson Sommer, lærar og forfattar som gav ut nokre av dei aller første bøkene på landsmål.
Eva Skomsø Svanøe
Eva Skomsø Svanøe
Eva Skomsø Svanøe er forfattar (lyrikar) og lærar. Med erfaren observasjonsevne nyttar ho bilete frå naturen til å seie noko om tilhøvet til sjølvet og til andre menneske.
Gaute M. Sortland
Gaute M. Sortland
Gaute M. Sortland er forfattar og musikar. Med eit knapt og treffande språk gir han eit finurleg perspektiv på kvardagslivet.
Gro Skartveit
Gro Skartveit
Gro Skartveit er forfattar, sosionom og lokalpolitikar. I heile sitt virke har ho vore oppteken av sosiale spørsmål. I bøkene sine fortel ho om menneske i ulike livskriser.
Gudmund Skjeldal
Gudmund Skjeldal
Gudmund Skjeldal, lektor, skiløpar og forfattar. Han har teke eit moralsk oppgjer med langrenn som toppidrett og skriv gjerne om idealisme og klimakamp.
Gunnar Skirbekk
Gunnar Skirbekk
Gunnar Bjørn Skirbekk, filosof, essayist og vitskapsteoretikar som i meir enn 50 år har prega ordskiftet om språk, politikk, vitskap og rasjonalitet, og som har spela ei viktig rolle i utforminga av det akademiske Noreg.
Gunnar Slettebakken
Gunnar Slettebakken
Gunnar Slettebakken var forfattar og kunstmålar, med sterkt feste i folkeleg forteljekunst, både i prosa og i bilete.
Gunvor Stornes
Gunvor Stornes
Gunvor Stornes, lyrikar og romanforfattar som var ein av nestorane i nordnorsk litteratur. Ho tok initiativet til Nordnorsk Forfatterlag.
Guri Sørumgård Botheim
Guri Sørumgård Botheim
Guri Sørumgård Botheim, litteraturvitar, forfattar og festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2013, saman med Lars Petter Sveen og Sigrid Sørumgård Botheim.
Guro Sandsdalen
Guro Sandsdalen, forfattar. Bøkene hennar har tydeleg kvinneperspektiv og fokuserer på sosiale endringar og nye livs- og buformer i det norske samfunnet etter krigen.
Hallvard Sandnes
Hallvard Sandnes, forfattar, teikneserieskapar og lærar. Med Ingeniør Knut Berg skapte han norsk science fiction i teikneserieformat.
Halvor J. Sandsdalen
Halvor J. Sandsdalen
Halvor Johannesson Sandsdalen, norsk forfattar, journalist og gardbrukar. Sandsdalen var dyslektikar og måtte kjempe hardt for skrivekunsten.
Hans Johan Sagrusten
Hans Johan Sagrusten
Hans Johan Sagrusten er teolog, bibelomsetjar, forfattar og forlagssjef. Gjennom lyrikk så vel som i spennande historisk fagformidling har han nådd mange lesarar.
Hans Sande
Hans Sande
Hans Erik Sande, psykiater, biletkunstnar og forfattar som har skrive fantasifulle og leikne bøker for både barn og vaksne.
Hans Seland
Hans Seland
Hans Seland, forfattar, folkelivsskildrar og humorist. I samtida si var han blant landets fremste og mest populære munnlege forteljekunstnarar.
Hans Skjervheim
Hans Skjervheim
Hans Skjervheim, filosof og essayist, særleg knytt til positivismestriden innanfor filosofi og samfunnsfag. Han var oppteken av grensene for den (natur)vitskaplege tenkjemåten, og av farane ved å gjere menneskeleg subjektivitet til objekt.
Hans Svarstad
Hans Svarstad
Hans Svarstad var folkehøgskulelærar, stortingsrepresentant og forfattar av to romanar med handling lagd til tidleg på 1900-talet, der han åtvarar mot utviklinga i det moderne norske samfunnet.
Henrik Straumsheim
Henrik Straumsheim
Henrik Straumsheim skreiv diktet «Ut mot havet», som med musikk av komponisten Edvard Fliflet Bræin har vorte ein klassikar.
Hermann Starheimsæter
Hermann Starheimsæter
Hermann Starheimsæter, nynorskforfattar som skriv i mange sjangrar og mellom anna er oppteken av språk og galskap, og av det nynorske prosjektet.
Hermund Slaattelid
Hermund Slaattelid, lektor og formidlar av latinsk kultur. Han har fremja folkedanning og offentleg ordskifte.
Håvard Skirbekk
Håvard Skirbekk
Håvard Skirbekk, lærar, lokalhistorikar og museumsmann. I over 40 år var han knytt til Glomdalsmuseet, frå 1929 som styremedlem, frå 1952 som styrar.
Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Ingebjørg Kasin Sandsdalen
Ingebjørg Kasin Sandsdalen, lyrikar og prosaforfattar som gjennom nærmare 30 verk tolkar livsmysteriet og dei nære ting. Naturbileta formidlar ofte ein etisk bodskap og ei erkjenning av mennesket si avgrensa tid. Frå første bok kan vi lese både lengt og forsoning.
Ingrid Storholmen
Ingrid Storholmen
Ingrid Storholmen, lyrikar og litteraturkritikar. Storholmen er ein samtidslyrikar med stor vilje og evne til eksperimentering, også med typografisk uttrykk og form på bøkene sine.
Ivar Strompdal
Ivar Strompdal, lærar, målmann og forfattar frå Velfjord i Nordland. Strompdal sette med sine fem ungdomsromanar Helgeland på det litterære kartet.
Jakob Sande
Jakob Sande
Jakob Sande, forfattar og populær visediktar som sameinte bøn og banning i eit samansett litterært univers. Forfattarskapen spenner i tid frå 1929 til 1961 og femner om ni samlingar med dikt og tre med noveller.
Jan Inge Sørbø
Jan Inge Sørbø
Jan Inge Sørbø, professor, forfattar og kommentator. Sørbø gjekk frå journalistikk til vitskap og har skrive den første samla framstillinga om nynorsk skjønnlitteratur.
Jens K. Styve
Jens K. Styve
Jens K. Styve er forfattar og teikneserieskapar.
Johan Snøfugl
Johan Snøfugl
Johan Snøfugl, bladmann og forfattar. Han la ned ein stor innsats for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag og Nord-Noreg.
Johannes D. Sandal
Johannes D. Sandal
Johannes Sandal var husmannsgut frå Jølster som vart typograf og ein av dei første frå Sogn og Fjordane som gav ut dikt på landsmål.
Johannes Skarprud
Johannes Skarprud, lærar, bonde og diktar frå Telemark. Han er særleg kjend for diktet «Telemark», som blei kåra til den beste fylkessongen i 1919.
Jonny Skjelvik
Jonny Skjelvik
Jonny Skjelvik, anleggsarbeidar som skriv dikt og forteljingar til moro og ettertanke for vaksne og born.
Jørgen Stang
Jørgen Stang
Jørgen Stang var forfattar og biletkunstnar frå Sunnfjord. Han uttrykte seg i mange sjangrar: viser, dikt, kåseri, tonar og biletkunst.
Kari Stai
Kari Stai
Kari Stai, forfattar, illustratør og biletkunstnar med eit fargerikt, særmerkt og stilisert formspråk. Ho lagar biletbøker for barn på nynorsk.
Karin Sveen
Karin Sveen
Solvår Karin Sveen, adjunkt, prislønt forfattar og spaltist i fleire aviser, har særleg sett spor etter seg som essayist.
Karl Olav Straume
Karl Olav Straume
Katrine Sele
Katrine Sele
Katrine Sele er prislønt journalist, kommunikasjonsrådgivar og sakprosaforfattar.
Klaus Sletten
Klaus Sletten, ungdomslagsleiar og journalist. Han gjorde nesten alt på ein gong, og rakk meir enn dei fleste.
Kristen Stalleland
Kristen Stalleland
Kristen Stalleland, redaktør og bonde. Frå heimstaden sin i Aust-Agder skapte han det første barnebladet på landsmål, som i dag er eitt av dei eldste barneblada i verda.
Kristin Sørsdal
Kristin Sørsdal
Kristin Sørsdal, forfattar og omsetjar. Ho har skrive fleirstemde og poetiske romanar og omsett dei fleste av Elena Ferrante sine bøker til nynorsk.
Lars Ove Seljestad
Lars Ove Seljestad
Lars Ove Seljestad, sosiolog og forfattar frå Odda.
Lars Petter Sveen
Lars Petter Sveen
Lars Petter Sveen, bibliotekar og forfattar. Han var ein av festspeldiktarane under Dei nynorske festspela i 2013 og vart i 2015 kåra til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival.
Lars Svisdal
Lars Svisdal
Lars Svisdal, forfattar som brakdebuterte i 2018 med Seg til inkjes, ein roman som utmerkjer seg med eit fargerikt, dialektprega nynorsk og vann Tarjei Vesaas’ debutantpris.
Lidvald Stubhaug
Lidvald Stubhaug
Lidvald Stubhaug var lærar og skulesjef som skreiv forteljingar, dikt og prologar med tydeleg lokalt og kulturhistorisk feste.
Linn T. Sunne
Linn T. Sunne
Linn Tormodsdatter Grøndahl Sunne, forfattar, litteraturformidlar, politikar og littaraturkritikar med allsidig og prislønt produksjon av lettlesne bøker for born og unge.
Margaret Skjelbred
Margaret Skjelbred
Margaret Skjelbred, forfattar som i 1980-åra skreiv dikt på dialekt. I 1990-åra gav ho ut barnebøker som vart landskjende gjennom NRK. Etter 2000 har ho vorte ein folkekjær forfattar med romanar og ei novellesamling for vaksne.
Marta Steinsvik
Marta Steinsvik
Marta Steinsvik var forfattar, reisande talar, samfunnsdebattant, feminist, antroposof, egyptolog, teolog og religionshistorikar.
Martin Skjekkeland
Martin Skjekkeland
Martin Steinar Skjekkeland er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder. Han har markert seg som populærvitskapleg formidlar av språk og språkutvikling.
Nils Henrik Smith
Nils Henrik Smith
Nils Henrik Smith, forfattar. Han blei rangert blant dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet i 2015.
Nora Simonhjell
Nora Simonhjell
Nora Simonhjell, lektor med doktorgrad i litteraturvitskap og lyrikar som skriv om å skape og gjenskape identitet.
Ola Setrom
Ola Setrom
Ola Setrom, forfattar og lærar frå Oppdal som nytta nynorsk med innslag av oppdalsdialekt i forfattarskapen sin.
Olav Skjerven
Olav Skjerven
Olav Skjerven, lærar frå Vik i Sogn. Han skreiv fleire artiklar om norsk folkehumor og eit skodespel om bygdespelemannen som får utdanne seg til komponist.
Olav Sletto
Olav Sletto
Olav Sletto, forfattar. Han var læraren som heldt over 2000 foredrag.
Olav Øysteinson Sande
Olav Øysteinson Sande
Olav Sande var lærar og folkeminne- og folkemusikksamlar. Han var mellom pionerane i målrørsla på Vestlandet og laga ei av dei første bibelsogene på landsmål.
Ole Sandvik
Ole Sandvik
Ole Mørk Sandvik var utdanna teolog og den første som tok doktorgrad på norsk folkemusikk. Han var folkemusikksamlar, pedagog og forfattar.
Peer Storeygard
Peer Storeygard, norskamerikansk målmann, journalist, forfattar og redaktør av nynorskbladet Norrøna, som vart utgitt i USA i byrjinga av 1900-talet.
Per Sivle
Per Sivle
Per Sivle var ein omstridd og folkekjær lyrikar, humorist, prosaist og avisredaktør, som mellom anna skreiv diktet «Den fyrste songen».
Ragnvald Skrede
Ragnvald Skrede var forfattar, lyrikar, gjendiktar og litteraturkritikar.
Rakel Solstad
Rakel Solstad
Rakel Solstad er forfattar og skribent, og har i mange år arbeidd som lærar og pedagogisk-psykologisk rådgivar. Solstad skildrar oppveksten til barn i utsette posisjonar.
Rasmus Stauri
Rasmus Stauri
Rasmus Stauri, forfattar og folkeopplysar, grunnla Gudbrandsdalens Folkehøgskule i 1902.
Rolf Sagen
Rolf Sagen
Rolf Sagen, psykolog, grunnleggjar av Skrivekunstakademiet i Bergen og særprega forfattar av ei lang rekkje romanar, dikt, noveller og barnebøker. Han skreiv svært ulike bøker, både eksperimentelle og tradisjonelle.
Signe Seim
Signe Seim
Signe Finne Seim, lærar, omsetjar og lyrikar som mellom anna har utvikla læremiddel om Ivar Aasen og Per Sivle.
Sigri Sandberg
Sigri Sandberg
Sigri Sandberg, frilansjournalist, tekstforfattar, forfattar og villmarksentusiast som har skrive eit titals bøker om natur, klima og friluftsliv, fleire av dei saman med polfarar Cecilie Skog.
Sigrid Sørumgård Botheim
Sigrid Sørumgård Botheim
Sigrid Sørumgård Botheim, pianist, forfattar og festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2013, saman med Lars Petter Sveen og Guri Sørumgård Botheim.
Sigrun Slapgard
Sigrun Slapgard
Sigrun Slapgard, journalist og forfattar med interesse for krigstematikk. Ho er òg oppteken av kvinner i norsk presse- og litteraturhistorie.
Solfrid Sivertsen
Solfrid Sivertsen
Solfrid Sivertsen, bibliotekar og forfattar av stillfarande realistiske dikt, noveller, romanar og barnebøker.
Svanaug Steinnes
Svanaug Steinnes, omsetjar, skribent og teaterarbeidar. Som omsetjar har ho særleg omsett prosa og teaterstykke frå romanske språk.
Svein Sæter
Svein Sæter
Svein Sæter, forfattar og journalist frå Nordmøre. Han har skrive fagbøker om historiske tema og personar, mellom anna om den andre verdskrigen og diktaren Hans Hyldbakk.
Torvald Sund
Torvald Sund
Torvald Sund, prisløna forfattar med omfattande og allsidig produksjon av meir enn 40 bøker i mange sjangrar.
Åsmund Sveen
Åsmund Sveen
Åsmund Sveen, i 1930-åra ein av dei store norske lyrikarane og ein respektert kritikar i Dagbladet. Sidan han var aktiv i Nasjonal Samling under krigen, fekk han øydelagt ein lovande diktarkarriere, og han blei aldri teken inn att i den litterære varmen.