Faktaboks

Alf Å. Sæther
Fødd
8. november 1935, Aukra

Alf Å. Sæter er ein norsk forfattar. Han arbeidde som fotograf i Molde og debuterte med romanen Mitt stakkars nye liv (1974).

Sæter står i ein psykologisk-realistisk tradisjon, og karakteren i debutromanen – ein mann midt i livet som ikkje handterer tilværet – er karakteristisk. Tittelen Avkledd mann (1981) er også illustrerande for Sæters prosjekt.

Han vekslar mellom å framstille gode, kjærlege relasjonar og å skildra outsideren, som ikkje finn sin plass. Temaet kan turnerast alvorleg eller humoristisk; det siste skjer i Påskebodskap (1992). Sæter har også skrive dikt, der han er meir meditativ, som i Å elska er å vera stille nesten heile tida (1987). Han har også skrive lokalhistoriske tekstar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg