Hopp til innhold
Anna Sandnes. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med museet.
Anna Sandnes. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale med museet.
X
Innhald

Anna Sandnes

Anna Marie Sandnes var lyrikar som debuterte seint i livet. Angst, einsemd og framandgjering er viktige motiv.

Sandnes var fødd i Syvde 30. januar i 1903 og døydde 15. februar i 1988. Ho kom frå gard. Alt i barndomstida var helsa skral, men ho gjekk handelsskule og hadde seinare typiske kvinneyrke. Først seksti år gammal gav ho ut barneboka Basta Bom, og debuterte som lyrikar i 1966 med samlinga Med levande lys. Fem diktsamlingar følgde, den siste Sol om kvelden kom i 1980.

Dikta Sandnes skreiv syner eit søkjande diktar-eg. Vanitasmotivet er tydeleg i samlinga Andlet i vatn frå 1970. Biletbruken og titlane i nokre av dikta, røper auge for det heimlege. Eit døme er "Ved fjøre sjø" frå samlinga med same namn frå 1973, men lyrikken hennar er ikkje heimstaddikting. Eksistensielle og religiøse spørsmål opptek Sandnes som høyrer til i ein modernistisk tradisjon. Kvinneperspektivet kan skine gjennom, men det er snarare det allmennmenneskelege som interesserer.

Sandnes fekk Sunnmørsprisen i 1967 saman med Anna Skeide.

«Andlet i vatn»

Over båtripa
ser eg eit andlet.
Det lever i vatnet
ukjenneleg
som ein framand
ein druknande frå eit
kjærleiksdrama
i eldgammal tid.

Frå djupet stig det mot meg
noko som eingong var eg,
før tida skapte meg om
til ein robot
utan varme
utan liv.

Over båtripa
ser eg mitt andlet
søkkje i bårone
og bli borte.

Diktet «Andlet i vatn» av Anna Sandnes: Andlet i vatn. Gyldendal Norsk Forlag 1970. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Kjelder

Irene Engelstad m.fl.: Norsk kvinnelitteraturhistorie bd. 3. Oslo 1990

Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600-1975. Eit diktutval med biografiar og bibliografiar. Oslo 1977

Ivar Grimstad: «Med levande lys», Kirke og kultur 1968, s.617-23

Først publisert: 16.09.2011
Sist oppdatert: 02.08.2018