Hopp til innhold
Foto: Magnus Skrede
Foto: Magnus Skrede
X
Innhald

Are Frode Søholt

Are Frode Søholt, songar, kulturadministrator og forfattar som har prega kulturlivet i Nordfjord gjennom tilskipinga av Gloppen musikkfest.

Are Frode Søholt vart fødd 4. oktober 1974 på Rjukan og voks opp på Sandane. Han døydde 19. januar 2012 i Bergen. 
 
I 2004 fullførte han hovudfag i song ved Griegakademiet i Bergen.
Som songar hadde Søholt  ei rekkje solistoppdrag i regi av Bodø Musikkteater og Opera Nordfjord i tillegg til ulike kyrkjemusikalske oppsetjingar. Frå 2004 var han medlem av Det Norske Solistkor.
I 2003 tok Søholt initiativet til, og vart festivalsjef for, Gloppen Musikkfest, som i hovudsak omfattar klassisk musikk, men òg forfattarkveldar og andre arrangement. Festivalen har lukkast i å inkludere lokale medverkande, og har samstundes henta ei rekkje internasjonalt anerkjende utøvarar til regionen. Søholt var festivalsjef fram til 2010.
Søholt hadde ei brei verksemd som kulturadministrator. Frå 1999 til 2000 var han rektor ved Gloppen kommunale musikkskule. Han har vore produksjonsleiar for Tromsø Symfoniorkester (2003–2005), plan- og engasjementskonsulent for Den Norske Opera (2005–2007), prosjektkoordinator for Grieg 07 (2006–2007) og for Norcode (2008–2009). Han har vore dagleg leiar for Norsk Barokkorkester (2007–2008), og arbeidde til 2012 som som dagleg leiar for kulturhuset Trivselshagen på Sandane.
Søholt var òg forfattar. I 2010 kom diktsamlinga ho står i rommet mitt og brenn. Søholt fekk også publisert ei rekkje andre dikt, artiklar og kortprosa.
Kjelder
Are Frode Søholt, e-post 6.12.2010
Hanne B. Oftedal, styreleiar i Gloppen Musikkfest, e-post 14.2.2012

 

Peikarar

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 12.09.2013