Hopp til innhold

Cecilie N. Seiness

Cecilie Nyborg Seiness, journalist, forfattar og forlagsredaktør, har utmerkt seg som ein dyktig portrettjournalist.

Cecilie N. Seiness er fødd 18. januar 1972 i Stavanger og voks opp i Utne i Ullensvang herad og Jondal kommune, begge i Hordaland. Ho bur no i Oslo. Seiness gjekk på Øystese gymnas frå 1987 til 1990. Ho har seinare teke grunnfag i historie og mellomfag i nordisk ved Universitetet i Bergen (1990–93) og grunnfag i idéhistorie ved Universitetet i Oslo (1993–94). Vidare er ho utdanna journalist frå Høgskolen i Oslo (1995–97).
Seiness arbeidde ein periode som norsklærar ved Hesseng videregående skole i Kirkenes i 1994–95, men etter ferdig utdanning byrja ho som journalist i vekeavisa Dag og Tid i 1997. Ho arbeidde der til 2011 og gjorde mange fine portrettintervju for avisa. I 2011 tok ho til som redaktør for sakprosa i Det Norske Samlaget.
Seiness debuterte som forfattar med Livsmot (2001), ei samtalebok der ho møter ei rekkje drivande og modige kvinner. Seinare har ho skrive Mor (2003), ei svært personleg bok om samværet med den kreftsjuke mor si og det å følgje henne gjennom dei siste åra. Jon Fosse. Poet på Guds jord (2009) er ei varm portrettbok, skriven med vørdnad for den særeigne forfattarfiguren. Samstundes er der humor i Seiness si tilnærming, og ho klarer slik å gi lesaren ei kjensle av å kome nær på Fosse. Ho har òg ettertenksame refleksjonar kring og vurderingar av Fosse sine bøker og er slik med på å gi ei betre forståing av forfattarskapen hans.
Kjelder 
E-postar frå Cecilie N. Seiness, 2.4. og 3.4.2013
Forfattarside på nettstaden til Det Norske Samlaget: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/s/cecilie-n--seiness.aspx [lesedato 3.4.2013]
Peikarar 
Leif Ekle si bokmelding av Jon Fosse. Poet på Guds jord, nrk.no

Først publisert: 23.09.2013
Sist oppdatert: 23.09.2013