Hopp til innhold
Edvard Storm. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale.
Edvard Storm. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Edvard Storm

Edvard Storm, diktar og skulemann, bidrog til å skape det nynorske skriftspråket – og den danske folkeskulen.

Edvard Storm var fødd i Vågå i Gudbrandsdalen 21. august 1749 og døydde i København 29. september 1794. Han var elev ved katedralskulen i Oslo i 1761–65, tok examen artium i København i 1765 og byrja på teologistudiet der i 1769. Bortsett frå tre år i Gudbrandsdalen (1766–69) budde i København i heile sitt vaksne liv.

Storm fullførte ikkje teologistudiet, men brukte tid på dikting og ordsamling. Han kartla målet i Vågå-traktene og noterte 1500 oppslagsord derifrå. Samlinga vart publisert første gongen i Ord i den Guldbrandsdalske Dialect (2009). I byrjinga av 1770-åra skreiv han eit titals songar, av dei «Heimreise fraa Sæteren» (Oss ha gjort qva gjæras skulle), på gudbrandsdalsmål. Songane vart gitt ut som Døleviser i 1802 og kom med i Jørgen Moe si folkevisebok i 1840. Med dikting på dialekt braut han med det danske språkmonopolet på 1700-talet. Nyskapinga skulle vise seg å vere liv laga, for nokre tiår seinare utforma Ivar Aasen ei felles skriftform for alle dialektar, landsmålet. Sjølv gjekk Storm over til å skrive dansk.

Frå 1780-åra er det skulereformatoren Storm som gjer seg gjeldande. Han var med på å stifte «Selskabet for Efterslægten» i 1786, som starta ein realskule bygd på nye pedagogiske prinsipp. Pugging og pryl vart reinska ut. Ungdomen skulle undervisast i allmenne fag og praktiske kunnskapar, og Storm førelas om livsklokskap og nordisk mytologi. «Selskabet for Efterslægten» sitt brot med den autoritære, kyrkjestyrte skulen bana veg for den moderne folkeskulen i Danmark, og «Efterslægten» driv framleis skule i København.

Kjelder

Geir Neverdal: Edvard Storm 1749–1794. Døleviser og Dialekt-ordsamling, henta frå otta2000.com: http://www.otta2000.com/dikt/Storm/edvard_storm.htm [lesedato: 5.9.2015]

Olav Solberg: «Hyrdedikting på norsk? Edvard Storms lyriske dikting», Universitet i Tromsø, uit.no, tilgjengeleg som PDF-fil: https://septentrio.uit.no/index.php/nordlit/article/download/2080/1938/ [lesedato: 5.9.2015]

Peikarar

Efterslægten: «HF på Efterslægten - et alternativ siden 1786», hfc.dk

Edvard Storm: Ord i den Guldbrandsdalske Dialect, ved Andreas Bjørkum, Randi Kleiven Bjørkvik og Einar Kleiven, Dølaringen boklag, Lillehammer 2009. Opplysningar om boka hos Skjåk folkebibliotek, mikromarc.no

Først publisert: 08.01.2016
Sist oppdatert: 21.08.2019