Hopp til innhold
X
Innhald

Eigil Steinsfjord

Eigil Steinsfjord var lektor og forfattar, og han våga å ta opp vanskelege tema som skuld, skam og samlivsproblem.

Eigil Steinsfjord var fødd i Oslo 17. mai 1945, men budde i Nord-Aurdal i Valdres som vaksen. Han døydde 14. oktober 2017. Steinsfjord var utdanna lektor, med hovudfag i nordisk språk og litteratur, og var først lærar ved Valdres folkehøgskule. Det meste av yrkeslivet var han lektor ved Valdres gymnas, seinare Valdres vidaregåande skule.

Steinsfjord var svært interessert i litteratur, skodespel og musikk, og i litteraturformidling. I tillegg til å vere norsklærar heldt han litterære foredrag i ulike samanhengar. Dei siste åra han levde, arbeidde han i Kirkens Bymisjon i Oslo ei veke i månaden. Han var styremedlem i Nord-Aurdal Mållag i fleire periodar.

Steinsfjord debuterte i 1998 med Satan stemmer sin bassgitar og gav ut fem romanar og to novellesamlingar, dei tre siste bøkene på Snøfugl forlag. Den siste romanen, Kjærleik i aldrings år, kom ut posthumt hausten 2017. Han skreiv òg sju skodespel, og dessutan kronikkar og artiklar i avisa Valdres, i Årbok for Valdres og i Vårt Land. Steinsfjord skreiv om vanskelege emne som skuld og skam, tru og mental helse, samliv og seksuell legning. Ein tanke som ofte går att, er om ein skal våge å tru på det gode i tilværet. Samtidig er det mykje humor i tekstane hans. Bøkene hans er skrivne dels på nynorsk, dels på bokmål.

I 2004 fekk han Oppland fylkeskommunes kunstnarstipend. I 2014 vann han kronikk-konkurransen til avisa Valdres og Nord-Aurdal Mållag.

Bibliografi

Beate, hører du meg? Drama Black Box 1987

Foreldretanker i foreldretakter. Drama Fagernes 1987

Velkommen. Drama med Namaa Alward 1991

Khomeinis menn er overalt. Skodespel NRK Radio 1991

Riddarspranget. Skodespel Fagernes Barneteater 1995

Heidendom og heilagtru. Skodespel 750-årsjubileum Ulneskyrkja 1995

Satan stemmer sin bassgitar. Noveller. Eide forlag 1998

Noko vil koma til å hende. Roman. Eide forlag 2000

Gardbergspelet. Skodespel Vestre Slidre ungdomsskule 2002

Han ser eg er naken. Roman. Vigmostad og Bjørke 2006

Kva er i veien med Steinar Andersen? Ungdomsroman. Commentum forlag 2011

Samliv, skamliv. Noveller. Snøfugl forlag 2013

Trolig utro. Roman. Snøfugl forlag 2015

Kjærleik i aldrings år. Roman. Snøfugl forlag 2018

Kjelder

Bjørn Karsrud: Reint som gull. Nord-Aurdal Mållag gjennom femti år. Leira i Valdres 2014

Kirsti Maanum: «Nekrolog: Eigil Steinsfjord», aftenposten.no, publisert 3.11.2017: https://www.aftenposten.no/personalia/i/arBKM/Nekrolog-Eigil-Steinsfjord [lesedato 22.6.2018]

Marianne Granheim Trøyflat: «Ein skamfull og ærleg forfattar med mykje humor», valdresmagasinet.com, publisert 15.3.2017: https://valdresmagasinet.com/index.php/2017/03/15/forfattar-med-mykje-humor/ [lesedato 22.6.2018]

Peikar

Bøker av Eigil Steinsfjord, tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 26.06.2019
Sist oppdatert: 26.06.2019