Hopp til innhold
​Gunnar Skirbekk. Foto: Ivar Aasen-tunet.
​Gunnar Skirbekk. Foto: Ivar Aasen-tunet.
X
Innhald

Gunnar Skirbekk

Gunnar Bjørn Skirbekk, filosof, essayist og vitskapsteoretikar som i meir enn 50 år har prega ordskiftet om språk, politikk, vitskap og rasjonalitet, og som har spela ei viktig rolle i utforminga av det akademiske Noreg.

Gunnar Skirbekk er fødd 11. april 1937 på Hamar. Under førsteavdeling i medisin ved Universitetet i Oslo gav han ut Nihilisme? Et ungt menneskes forsøk på å orientere seg (1958). Deretter studerte han filosofi i Paris og Tübingen, med magistergrad i Oslo i 1962.

Same året vart han hjelpelærar ved Filosofisk institutt ved Universitetet i Bergen, vart fast tilsett to år seinare, og var der, frå 1979 som professor, til han gjekk av i 2005. Han hadde fleire opphald ved universitet i San Diego, California. Han har òg vore aktiv i den jugoslaviske Praxis-gruppa, der mellom anna dei tyske filosofane Jürgen Habermas og Karl Otto Apel var med.

Gunnar Skirbekk i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn under Dei nynorske festspela i 2013. Foto: Kjell Arne Steinsvik / Ivar Aasen-tunet.

Gunnar Skirbekk i samtale med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn under Dei nynorske festspela i 2013. Foto: Kjell Arne Steinsvik / Ivar Aasen-tunet.

Skirbekk stod sentralt i opprettinga av Senter for vitskapsteori i Bergen og har skrive ei lærebok i filosofihistorie (saman med Nils Gilje, 1987) som i 2018 ligg føre på 18 språk. Filosofisk er han inspirert av Apels forsøk på å finne gyldige normer i språket og av Wittgensteins analysar av daglegspråket.

Gunnar Skirbekk vart i 2013 kåra til Årets nynorskbrukar.

Syntese av retningar

Gunnar Skirbekk har lagt vekt på internasjonale kontaktar og møtte heilt frå studietida folk som Gabriel Marcel og Paul Ricœur (Paris), Martin Heidegger (Tübingen), seinare Apel og Habermas (Frankfurt) og Herbert Marcuse (California). Dei sentrale filosofiske skriftene hans ligg i spenninga mellom tysk og angloamerikansk tradisjon. Magistergraden (1962) og seinare doktoravhandlinga (1968/70) handlar om Heideggers drøfting av sanningsomgrepet – sanning i spelet mellom avdekking og tilsløring.

Det sentrale verket Rationality and Modernity (1993) har då òg kome både i tysk, fransk og norsk versjon. Tittelen nemner også eit tredje sentralt element: forståinga av det moderne. Saman med Shijun Tong fekk han i 1994 oppretta eit utvekslingsprosjekt (mellom Universitetet i Bergen og East China Normal University, Shanghai) i samanliknande studiar i kulturell modernisering i Aust-Asia og Europa, «Marco Polo». Skirbekk drøftar fornuftskritikken, men lèt det ikkje munne ut i skeptisisme.

Gjennom filosofisk analyse av språket i bruk kan ein finne fram til gyldige sanningskriterium som viser seg gode nok i praksis. Gjennom forfattarskapen flyttar tyngdepunktet seg frå eksistensiell fortviling til ein relativ, filosofisk tryggleik, som òg ber i seg eit etisk fundament.

Folkeleg og akademisk

Skirbekk har røter i grundtvigiansk folkeopplysning og meiner at akademia har forpliktingar i høve til større grupper. Debutboka vende seg til alle filosofisk interesserte. Også den oppsummerande Den filosofiske uroa (2005) vender seg til eit større publikum. Det verket som nok er mest lese, er Filosofihistorie (andre utgåve 1972: Politisk filosofi), laga for ex.phil. I 2010 har han nytta moderniseringsteorien sin på norsk historie i Norsk og moderne.

Men Skirbekk har heile tida også skrive avisartiklar og essay, der han utfaldar politisk engasjement, poetisk evne og humor. Dette har resultert i samlingane Ord (1984), Til djevelens forsvar og andre essays (1987) og Vit og vitskap (1998). I desse essaya finst ein kombinasjon av filosofi, estetiske erfaringar, kulturkritikk, historisk refleksjon og humor. Essayet «Ord» har også sterke poetiske kvalitetar. Som filosof forsvarer han den opne debatten for alle, og som skribent opnar han fagfilosofien mot eit større publikum og tek han i bruk i forsvar for demokratisk praksis.

Institusjonsbyggjar

Med essayet sitt om «motekspertise» i Syn og Segn i 1969 gjekk Skirbekk inn i debatten om korleis studenteksplosjonen skulle handterast. Dette førte han inn arbeidet med å organisere dei nye distriktshøgskulane, og inn i styret for Distriktshøgskulen i Bø. Ved Universitetet i Bergen var han med på å greie ut vitskapsteorien sin plass i nye doktorgradsløp, noko som førte til at han fekk skipa Senter for vitskapsteori, der han hadde halve stillinga si frå 1987. Han vore ein viktig støttespelar for høgskulane i Bø og Volda, ved den siste også som professor II. Det heng saman med arbeidet for nynorsk i akademia og trua på at perspektivmangfald er eit gode, også når det gjeld bygging og plassering av institusjonar.

Kjelder

Svein Sundbø: Gunnar Skirbekk. En kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1957–2003. Nasjonalbibliotekets bibliografier nr. 8/2003

Først publisert: 11.04.2012
Sist oppdatert: 31.07.2018