Hopp til innhold
Gunvor Stornes. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
Gunvor Stornes. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
X
Innhald

Gunvor Stornes

Gunvor Stornes, lyrikar og romanforfattar som var ein av nestorane i nordnorsk litteratur. Ho tok initiativet til Nordnorsk Forfatterlag.

Gunvor Stornes er fødd i Korgen 5. mai 1924 og døydde 29. april 2013 på Hemnesberget. Med unntak av tre vekeskurs om skriving på ein svensk folkehøgskule har ho inga utdanning utover folkeskulen. I 1975 debuterte ho med diktsamlinga Bryte demningar. Ho har seinare skrive ei rekkje barnebøker og diktsamlingar og er representert i fleire antologiar. Ein gjennomgangsfigur i bøkene hennar er Kari, ei lita jente som bur i Svingen og opplever eitt og anna i bygda der ho bur. Kari i Svingen, som kom ut i debutåret 1975, vart omsett til islandsk og send i islandsk radio som barnetime i lag med oppfølgjarboka Kari får ei venninne.

Stornes var ein god opplesar, og vann fram med forteljingane sine også i den norske barnetimen. 

Husmora Stornes var med på å skipe Helgeland Litteraturlag i 1971 og var formann der i 21 år, fram til 1992. Ho var òg med då Nordnorsk Forfatterlag vart skipa i 1972 og sat lenge i styret. I 1991 fekk ho ein italiensk poesipris for diktet «Bessfar min», og same året fekk ho Blix-prisen, som vert gitt til nordnorske forfattarar som skriv dialekt eller nynorsk. Sidan 1979 har ho fått statens kunstnarstipend, og frå 2004 har ho fått statens stipend for eldre, fortente kunstnarar.

«Grønt gras»

har du heilt gløymt
den gongen
du sjølv trødde
utfor vegen
av di
mørkret stod tett
ikring deg
har du gløymd
den gongen
du sjølv
var svart og klissa
av gjørme
og trong ei utstrakt hand
for å komme
opp
på grønt gras

«Grønt gras» av Gunvor Stornes: I ljos og skugge. Rune Forlag 1976. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Kjelder

Gjerd, jubileumsutgave 1971–2001. Helgeland Litteraturlag 2001

Gunvor Stornes: Kari Svingen. Theim 1975

Telefonsamtale med Gunvor Stornes 18.02.2010

Nekrolog i Aftenposten 11.5.2013

Litteraturnett Nord-Norge: http://www.litteraturnettnordnorge.no/index.htm?/presentasjoner/stornesgunvor.htm [lesedato 19.03.2010]

Peikarar

Bibliografi, Litteraturnett Nord-Norge 

Digitaliserte bøker av Gunvor Stornes på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 19.03.2010
Sist oppdatert: 16.07.2018