Hopp til innhold
X
Innhald

Guro Sandsdalen

Guro Sandsdalen debuterte seint, men skreiv ungt. Bøkene hennar har tydeleg kvinneperspektiv og fokuserer på sosiale endringar og nye livs- og buformer i det norske samfunnet etter andre verdskrigen.

Sandsdalen var fødd i Flatdal i Seljord 20. desember i 1916 og døydde 13. september i 2000. Bygdejenta flytta etterkvart til drabantbyen Klyve nær Skien. Sandsdalen var engasjert i å støtte unge nynorskforfattarar, ikkje minst dei med røter i Telemark. To år etter ho døydde vart Guro Sandsdalens litteraturpris oppretta. Målet er å stimulere nynorsk skriftkultur.
Sandsdalen debuterte med Dagbok frå ein drabantby i 1972. Urbanisering versus bygdekultur og møtet mellom ny og gammal tid er viktige motiv. Ho registrerer nærast sosiologisk situasjonar frå eige og andre sine liv, og gir glimt av politiske hendingar i samtida. Den vesle romanen er eit tidsdokument og gir innblikk i kvinnesosialisering og kvinnemedvit i ein periode då mange var opptekne av kvinnefrigjering. Den tradisjonelle kvinnerolla står òg i skarp kontrast til den nye i diktsamlinga Koppebrot frå 1978.
Sandsdalen gav ut i alt seks bøker i ulike sjangrar. Ei av desse inneheld sjølvbiografiske skisser. Diktsamlinga Krukka i graset kom i 1980. Barneboka Asle og Frida frå 1987 er sosialrealistisk og tek opp problem som råkar barn når foreldra vert skilde.
                                                                                                           
Kjelder
Guro Sandsdalen, forfattarside, telemarkportalen.no, http://www.telemarksportalen.no/sandsdalen_guro.htm [lesedat 16.9.20119

Først publisert: 16.09.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013