Faktaboks

Hans Johan Sagrusten
Fødd
9. juni 1970, Vågå, Innlandet

Hans Johan Sagrusten er ein norsk teolog, bibelomsetjar, forfattar og bibelbrukskonsulent.

Teolog og bibelomsetjar

Sagrusten har teologisk embetseksamen frå Menighetsfakultetet i 1996. Han har arbeidd som prest, bibelomsetjar og som rektor ved Kvitsund Gymnas. Han var forlagssjef i Verbum Forlag i 2019–2020, og bibelbrukskonsulent i Det norske bibelselskap i 2013–2019 og frå 2020.

I åra 2000–2005 var Sagrusten sentral i arbeidet med omsetjinga som vart til «Bibel 2011». Han var ein av fire primæromsetjarar for Det nye testamentet, og han tok også del i omsetjinga av poetiske tekstar frå Det gamle testamentet.

Forfattar

Sidan debuten i 1998 har Sagrusten i gjennomsnitt gitt ut ei bok annakvart år. Fleire av bøkene er knytt til arbeidet hans i Bibelselskapet.

Det store puslespillet (2014) og oppfølgjaren Det store puslespelet II (2016) fortel om funnet av pergament- og papyrushandskrifter med bibeltekstar. Den skjulte skatten (2017) fortel om Aslak Bolts bibel, ein handskriven latinsk bibel frå 1200-talet.

Hans Johan Sagrusten har dessutan gjendikta den walisiske poeten R.S. Thomas (Ein stad mellom tru og tvil, 2013) og skrive tre eigne diktsamlingar: Dua over Jordan, 2000, Haustsong, 2003 og Evangeliesonettar, 2012.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg