Hopp til innhold
Henrik Straumsheim. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
Henrik Straumsheim. Foto: Ivar Aasen-tunet, arkiv.
X
Innhald

Henrik Straumsheim

Henrik Straumsheim skreiv diktet «Ut mot havet», som med musikk av komponisten Edvard Fliflet Bræin har vorte ein klassikar.

Henrik Straumsheim var fødd i Sykkylven 8. februar 1893 og døydde i Ørsta 26. juli 1975. Faren Severin, som var bonde og fiskar, og mora Anne, f. Drabløs, var litterært og musikalsk interesserte.
Straumsheim tok lærarskule i Volda. Han arbeidde først i folkeskulen, og frå 1928 til 1960 ved Møre folkehøgskule, dei siste åra som styrar. I meir enn 40 år var han frontfigur i det frilynde ungdomsarbeidet på Sunnmøre. Han redigerte Ørsta Avis 1938–1939 og var ivrig skribent i aviser og blad. Ei tid laga han radioprogram og var ofte kåsør. Han var med på å skipe Ørsta Ungdomskor i 1939, og han sat i Statens teaterråd i åtte år etter andre verdskrigen. Straumsheim fekk kongens fortenestemedalje i gull i 1960 for ungdoms- og kulturarbeidet sitt, og han vart heidersmedlem av Noregs Mållag ti år seinare.
Han debuterte med skodespelet Stølshelg. Gaman i tvo vendingar i 1917 og gav ut diktsamlingane Helgarkvede (1922), Fjordlandet (1931) og Morgonlandet (1963).
Kva skreiv han om?
I blada Ungdomsvon og Ljosheim, som han ei stund redigerte, vart mange av dikta hans prenta. I nokre av dikta er det òg minningar om «Håvamål» og folkedikting, og han skreiv elles i tradisjonen etter Ivar Aasen. Ikkje berre nasjonalkjensla, men òg kjærleiken til nærmiljøet og vakker natur, står sentralt. Eit religiøst livssyn skin igjennom, men han er sjeldan misjonerande. Eit gripande dikt er «Via Dolorosa», om Kristi lidingsveg. Straumsheim nyttar elles enkle og talande titlar, nokre med religiøse allusjonar og konnotasjonar, til dømes «Stjerna» og «Himlane». Han bruker enderim og gjerne allitterasjon i dikta. Språket er sobert og lettfatteleg.
Sjølv om Straumsheim kan idealisere livet på bygdene i ein del klisjéfylte dikt, er han oftast realistisk, til dømes når han skriv om den harde arbeidsdagen langsmed kysten. Nokre av dikta tematiserer framandgjering og møte med det urbane livet i storbyen. Eit døme er «I einsemd». Han syner òg motstand mot den nye tida i dikt som «Gamlevegen». I diktet «Kveld på den gamle garden» anar vi redsla for fråflytting, men Straumsheim er noko meir enn heimstaddiktar. Det forgjengelege livet på jorda, det såkalla vanitas-motivet, er han stadig oppteken av. Fleire av dikta tek opp universelle og evige problem.
Draum om kjærleik
Stundom kan lesaren òg merke ein lengt og ein draum om jordisk kjærleik som verkar personleg. I diktet «Jonsok» håper ein ung friar intenst på eit erotisk nattemøte, medan diktet «Ein stein» endar med ein vonbroten mann som må slite med heite kjensler for jenta han ikkje fekk. Straumsheim hadde vidsyn ut over det nære og omsette mellom anna diktet «All for Love» («Elsken er alt») av den engelske romantikaren Lord Byron. Særs sanseleg, men med ein dyster undertone, er det vakre diktet «Kyssande vind (Han kom som ein vind)» gjendikta etter Hjalmar Gullberg. For desse arbeida vann Straumsheim ein konkurranse i Dagbladet i 1950. Det er som om han vert dristigare og meir direkte når han kan dekkje seg bak andre sine tekstar.
Straumsheim spente over eit stort register og gjendikta så vel dikt av Gustaf Fröding som den irske serenaden «Londonderry Air». Mange av omsetjingane gjorde han frå 1930-åra og fram til siste boka kom i 1963. I dette tidsrommet var han elles ikkje særleg aktiv som lyrikar med eigne tekstar, og det modernistiske formspråket høvde dårleg for han.
«Me vigjer vår song ...»
Mellom alle gjeremåla var Straumsheim dirigent for koret på Møre folkehøgskule. Han kunne òg vere informant for folketonesamlarar. Ein av dei var den namngjetne O.M. Sandvik. Sjølv kunne Straumsheim tonesetje ein salme av Elias Blix. Tre av salmane Straumesheim skreiv er inkluderte i Nynorsk salmebok og ein i Norsk salmebok. Den musikalske Straumsheim inspirerte fleire komponistar enn Edvard Fliflet Bræin, som skreiv «Ut mot havet» inn i musikkhistoria. Bjarne Eidsvig har mellom anna tonesett diktet «Heimbygda». David Monrad Johansen har laga melodi til diktet «Me vigjer vår song. Kantate til Sunnmøre Songarlags 30-årsjubileum». Andre som har tonesett dikt av Straumsheim, er Peter Eiken, Johan Grimstad, Magnar Grøndal og Ola Linge.
I 1981 vart det reist ei minnestøtte til ære for Straumsheim i Sykkylven. Same året vart han heidra med ei rikt illustrert bok, Ro stilt langsmed landet, med ein fyldig biografi og bibliografi. Tittelen er henta frå eit av dikta hans og tematiserer livet som går mot slutten.
Kjelder
Otlu M. Alsvik ofl.: Musikken og vi, bd. 1. Oslo 1983
Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600–1975. Eit diktutval med biografiar og bibliografiar. Oslo 1977
Ivar Grøvik: «Henrik Straumsheim 1893–1975», i Henrik Straumsheim: Ro stilt langsmed landet. Oslo 1981
Henrik Straumsheim: Ro stilt langsmed landet, illustrert av Inge Rotevatn. Oslo 1981
Terje Aarset: «Henrik Straumsheim. Ein bibliografi», i Henrik Straumsheim: Ro stilt langsmed landet. Oslo 1981
 
Peikarar

Først publisert: 14.06.2010
Sist oppdatert: 17.04.2018