Hopp til innhold

Ingebjørg Kasin Sandsdalen

Ingebjørg Kasin Sandsdalen, lyrikar og prosaforfattar som gjennom nærmare 30 verk tolkar livsmysteriet og dei nære ting. Naturbileta formidlar ofte ein etisk bodskap og ei erkjenning av mennesket si avgrensa tid. Frå første bok kan vi lese både lengt og forsoning.

Ingebjørg Kasin Sandsdalen var fødd 6. september 1915 i Seljord i Telemark og døydde 4. september 2003 same staden. Ho voks opp i Svartdal i Seljord og gjekk grunnskule og eitt år på folkehøgskule. Som vaksen budde ho på garden Øvre Sandsdalen, med Seljordsvatnet og fjellhøgder i augesyn. Ho var politisk aktiv i KrF. på lokalt plan.

Kasin Sandsdalen har ein formidabel diktproduksjon bak seg, frå debuten i 1950 med Hjarta av jord til den siste boka, Jord og tid, i 2001. «Jord», «hjarte» og «tid» er sentrale motiv. Årstidene omkransar trua på det guddommelege i alt. Natur og religiøsitet heng nøye saman. Kasin Sandsdalen skreiv dikt i frie former heilt frå starten, og fleire og fleire modernistiske – knappe og friske i forma. Men ho gav aldri heilt slepp på det meir tradisjonelle enderimet. Ein romankvartett om «linpresten» Skancke i Seljord på 1600-talet er ei særeiga folkelivsskildring. I 1970-åra skreiv ho om jenta Ingvild, i røynda hennar eigen barndom. I 1989 og 1991 kom to sjølvbiografiske bøker.

Kasin Sandsdalen levde eit forfattarliv saman med ektemann Halvor J. Sandsdalen. Ho fekk Sunnmørsprisen for diktsamlinga Guds lampe i 1965, Jørgen Vikør-prisen for diktsamlinga Treblåsaren i 1994 og Målprisen frå Noregs Mållag i 1995. I 1996 fekk ho Kongens fortenestemedalje i gull, saman med Halvor J. Sandsdalen. I tolv år var ho med i salmebokkomiteen som fagleg ansvarleg konsulent.

«Ein barnesko»

Eg var så trøytt av dagen,
eg stunda etter ro,
no skulle det bli godt å gå til kvile.
Men som eg gjekk og rydda,
eg såg ein liten sko, ein barnesko,
som leita fram att smilet.

Han var så god og liten,
så hjelpelaus og tom.
Han stod der liksom lengta etter foten.
Ei liti krulla pløse og hælen
skakk og rom,
ja, heile skoen verka litt av moten!

Eg stiltra meg til sengi
g fann ein liten fot
så god og mjuk og varm og la mot kinnet.
– Eg minnest ofte skoen,
når dagen gjeng i mot –
og no som den gang ljosnar eg i sinnet.

Så mang ei mor lyt gøyma
på småe barneskor,
og ber i einsemd sine tunge minne.
Og difor er eg takksam,
for eg får vera mor
og leggja liten barnefot til kinnet.

Diktet «Ein barnesko» av Ingebjørg Kasin Sandsdalen: Hjarta av jord. Ansgar Forlag 1950. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider


Kjelder

Olav Egil Aune: «Ingebjørg Kasin Sandsdalen»: Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004

Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 6. Oslo 1991

 

Lokalhistoriewiki: «Ingebjørg Kasin Sandsdalen»: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Ingebj%C3%B8rg_Kasin_Sandsdalen [lesedato 26.2.2018]

Peikarar

Digitaliserte bøker av Ingebjørg Kasin Sandsdalen på Nasjonalbiblioteket, nb.no

«Kom sol på alle mine berg – møte med dikterparet Sandsdalen», NRK TV 

Telemarksportalen. Litteraturportal for Telemark 

Først publisert: 25.04.2018
Sist oppdatert: 26.07.2018