Faktaboks

Ivar Strompdal
Fødd
1. juni 1886, Velfjord, Nordland
Død
4. september 1953, Vefsn, Nordland

Ivar Strompdal var lærar, målmann og forfattar frå Velfjord (no Brønnøy) i Nordland. Strompdal sette med sine fem ungdomsromanar Helgeland på det litterære kartet.

Bakgrunn

Ivar Kristoffer Strompdal var fødd på garden Strompdal i Velfjord og døydde i Vefsn. Han var bror til folkeminnesamlaren og hobbybotanikaren Knut Strompdal. I 1905 byrja Ivar Strompdal på lærarseminaret i Tromsø og fekk eksamen med beste resultat i 1908. Frå 1908 til 1923 var han lærar i Børja skulekrins i noverande Brønnøy kommune. I 1923 flytta han til Orkdal og var lærar der fram til 1927. Mellom 1927 og 1951 var han lærar på Halsøy i Vefsn. Han slutta som lærar i 1951 på grunn av sjukdom.

Strompdal var aktiv i målrørsla. Politisk sokna han til Venstre, og han var med i lokalpolitikken for partiet. I studietida var han ei tid formann i mållaget Heimhug i Tromsø, og han var første formann i Nordland fylkesmållag. Han var ein mykje nytta foredragshaldar i ulike samanhengar. Brørne Ivar og Knut Strompdal starta Børja ungdomslag i 1907.

Forfattarskapen

Som forfattar bidrog Strompdal med forteljingar og anna stoff til nordnorske julehefte, mållagsblad og liknande. Han gav ut fem ungdomsromanarNorsk barneblads forlag i 1930- og 40-åra. Debutboka Arven kom i 1933, og den siste utgivinga, Skatten i Lomsdal, kom i 1948. Skatten i Lomsdal er ei spenningsbok med handlinga lagd til andre verdskrigen. Romanane til Strompdal har sterkt tilknyting til nordnorsk natur og kultur. Handlinga er ofte lagd til Helgeland, og stadnamna er gjerne autentiske. Romanane har hausta noko kritikk for overdriven bruk av språklege verkemiddel og høgstemt retorikk.

Utmerkingar

Strompdal var æresmedlem i Nordland fylkesmållag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arthur Brox: Mållaget Heimhug. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Tromsø 1923
  • Eldfrid Henriksen: «Ivar Strompdal – min bestefar», i Lisbeth Dyrnes ofl. (red.): Bibliotek i Velfjord 150 år. 1846–1996. Brønnøysund 1996
  • Gudmund Hovdenak: Nordnorsk barne- og ungdomslitteratur. Frå Petter Dass til Arvid Hanssen. Tromsø 1989
  • Herlaug Vonheim: «Han førte Helgeland inn i barnelitteraturen», i Per Smørvik (red.): Årbok for Helgeland 2001

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg