Hopp til innhold
Forfattar Jens K. Styve. Foto: Nicolas Tourrencsmil. Henta frå Det Norske Samlaget.
X
Innhald

Jens K. Styve

Jens K. Styve (f. 1972 i Hjelmås) er forfattar og teikneserieskapar. 

Han har arbeidd som illustrator og skapt eigne teikneseriar, mellom anna Hups 1–2 (1992–94) og finnfinnfinn 1–3 (1997–99). Han vann teikneseriekonkurransen til Dagbladet for Dunce i 2017. Han har også gjeve ut romanane Eg, Ove Kvamme (2007) og Friedland (2013), kor seriøse problemstillingar ligg og vaker under ein slentrande vestlandshumor.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018