Hopp til innhold
Johannes D. Sandal. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Ukjend fotograf.
Johannes D. Sandal. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Ukjend fotograf.
X
Innhald

Johannes D. Sandal

Johannes Sandal var husmannsgut frå Jølster som vart typograf og ein av dei første frå Sogn og Fjordane som gav ut dikt på landsmål.

Johannes Danielson Sandal var fødd 12. januar 1877 på husmannsplassen Jølet i Sandal i Jølster og døydde av tuberkulose i Bergen 28. juni 1905.

Sandal gjekk underoffiserskulen i Bergen og arbeidde ei tid i militærstellet. I Bergen kom han i kontakt med Mens Klyve, som dreiv prenteverk og gav ut bladet Skuld. Her fekk Sandal prenta nokre av dikta sine, og i Klyves boktrykkjeri arbeidde han som typograf dei siste åra han levde.

Sandal var oppteken av lokalhistorie, og i 1901 gav han ut Glimt fra Jølsters fortid på eigen kostnad. Som tittelen seier, skriv Sandal om nokre avgrensa emne: naturen i Jølster, fornminne, prestar og kyrkjer, og han har med eit utval dokument knytte til Jølster i tidlegare tider. Mest plass får omtalen av Audun Hugleikson frå Ålhus, ein av dei mektigaste mennene i Noreg i andre halvdel av 1200-talet.

Sandal hadde allsidige kunstinteresser og dreiv både med portrettmåling og fotografering. I 1902 gav han ut diktsamlinga Fra folkelivet, også denne på eige forlag. Samlinga har hovudbolkane «Folket og landet», «Ungdommen», «Anledningsdigte» og «Diverse digte». Sandal var målmann, men dei fleste dikta i samlinga er på dansk. Dikta hans på landsmål er mellom dei første i denne målforma av forfattarar frå Sogn og Fjordane.

I 1977 kom dei to bøkene ut i ei samleutgåve, utgitt av Jølster sogenemnd, med forord av Lidvald Klakegg.

 

Kjelder

Lidvald Klakegg: «Om forfattaren og boka», i Johs. D. Sandal: Glimt fra Jølsters fortid (1978)

Kyrkjebok for Jølster, Ministerialbok nr. A 11 (1866–1881), media.digitalarkivet.no: https://media.digitalarkivet.no/view/6888/90 [lesedato 11.2.2019]

Bergen by, Dødsfallsjournaler, 1904–1910, s. 49b–50a, media.digitalarkivet.no: https://media.digitalarkivet.no/view/27890/51 [lesedato 11.2.2019]

 

Peikarar

Johannes D. Sandal: Glimt fra Jølsters fortid. Bergen 1901. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Forfattarside om Johannes D. Sandal på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no


Sist oppdatert: 14.06.2019