Hopp til innhold
Foto: Forlaget Oktober
Foto: Forlaget Oktober
X
Innhald

Karin Sveen

Solvår Karin Sveen, adjunkt, prislønt forfattar og spaltist i fleire aviser, har særleg sett spor etter seg som essayist.

Karin Sveen er fødd 17. august 1948 i Hamar og bur på Beitostølen. Ho gjekk på Hamar Katedralskole på slutten av 1960-åra og er utdanna adjunkt med 2-årig lærarskule på Hamar og seinare nordisk ved Universitetet i Oslo. Ho arbeidde som lærar ved Brumunddal ungdomsskole i 1975–79 og har vore forfattar på heiltid sidan 1980. I 2004–05 var ho visiting scholar ved universitetet i Berkeley, California.
Ho debuterte i 1975 med diktsamlinga Vinterhagen. Seinare har det kome seks diktsamlingar til, mellom anna Kroppens sug, hjertets savn (1985) og Nye dikt (1996). Sveen har gitt ut ei novellesamling, Døtre (1980), og fleire romanar, mellom anna Utbryterdronninga (1982), Hannas hus (1991) og Maria Waters verden (1993). Ho har òg skrive manuset til filmane Snart 17 (1984) og Da Hanna ikke ville flytte.
Essaysamlinga Den kultiverte lidelse. En bok om kropp og samfunn blei utgitt i 1997, og i 2000 kom den andre essaysamlinga, Klassereise. Denne andre boka la grunnlaget for diskusjonen om klassereiser i det norske samfunnet dei siste tiåra – noko Sveen sjølv har erfaring med. Det var svenske bøker om «klassresan» i 1990-åra som låg under den debatten som først starta i Sverige og seinare kom til Noreg. Frokost med fremmede (2005), som Sveen skreiv under opphaldet ved Berkeley, fekk svært gode kritikkar. I 2011 gav ho ut Mannen i Montgomery Street. Portrett av en norsk emigrant – om bondesonen Peter Sæther som emigrerte til Amerika, blei ein av dei rikaste mennene i California, og som donerte mykje pengar i samband med stiftinga av universitetet i Berkeley.
Sveen er ein av del sentrale norske essayistane i samtida og har ein skrivemåte som gjer at ho formulerer vanskelege emne tydeleg og presist, med eit spenstig, presist og medvite språk. Essaya hennar skaper refleksjon og undring gjennom å overraske, utfordre og stimulere lesaren.
I ein periode i 1970-åra sat ho som kommunestyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti i Hamar, og ho har vore medlem av Norsk kulturråds essayutval, styret i Den norske forfatterforening og var leiar og nestleiar i Det litterære råd i Forfatterforeningen i ei årrekkje.
Karin Sveen fekk De norske Bokklubbenes lyrikkpris og Hartvig Kirans minnepris i 1978, Sarpborgsprisen i 1980, Cappelenprisen i 1984 og Språklig samlings litteraturpris i 1986. Ho fekk Klassekampens kulturpris i 2005 og Norsk språkpris i 2007 for framifrå bruk av norsk i sakprosa. Den kultiverte lidelse er mellom anna omsett til svensk, Frokost med fremmede til engelsk, og Klassereise blei kåra til ei av dei 25 viktigaste norske sakprosabøkene etter andre verdskrigen. Sveen bruker begge målformer.
Kjelder
Heimesida til Karin Sveen: http://www.karinsveen.no/ [lesedato 9.1.2013]
Forfattaromtale på oktober.no: http://www.oktober.no/nor/Forfattere/Norske/Sveen-Karin [lesedato 9.1.2013]
Peikarar

Først publisert: 09.07.2013
Sist oppdatert: 07.08.2013