Hopp til innhold
Karl Straume. Foto: Lystad, Ørstavik. Frå biletarkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbilioteket.
Karl Straume. Foto: Lystad, Ørstavik. Frå biletarkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbilioteket.
X
Innhald

Karl Olav Straume

Karl Olav Straume var kunstnar, lyrikar og museumsmann. Straume formann i styret for Aasen-museet frå 1945 til 1967.

Karl Olav Straume (fødd Straume) (1877 – 1968), tvillingbror til Rasmus Straume, var fødd i Hovdebygda i Ørsta, og budde der. Han gjekk lærarskulen i Volda i 1895 – 97, og tok seinare ei omfattande kunstutdanning i Oslo og Paris. 

Han gjekk mellom anna på Kunstakademiet under Christian Krohg og Halfdan Strøm (1910 – 13) og sei- nare på Academie Moderne i Paris.

I vår samanheng er Straume viktig som kunstnaren bak fanene til Engeset og Fylling Ungdomslag frå 1917 og Hovdebygda Ul. frå ca. 1930 ( Begge Sunnmøre). Dei to fanene er svært ulike. Medan den første har vekt på landskapsskildring frå Engesetdalen, har den siste eit typisk nasjonalt fanemotiv – kvinne i bunad, med flagg og riksvåpen i hendene. Avstanden i tid kan kanskje forklara skilnaden.

Karl Olav Straume var medstiftar av Møre Kunstlag, og leia dette laget i perioden 1931 – 46. Han var også initiativtakar til Sunnmøre museum, og med i komiteen for Ivar Aasen-monumentet i Ørsta. Han var leiar for styret i Aasen-museet i perioden 1946 – 67.

I tillegg til oljemåleri arbeidde Straume med tresnitt og laga dessutan teikningar til biletvev. Han var også ein aktiv lyrikar, og gav ut diktsamlinga Lilja i dalen i 1967. 

Utdrag frå Liv Marit Idsø og Asbjørn Thomassen (red.) Faner i den frilynde ungdomsrørsla. Bokbyen forlag 2015. Redigert av Per Magnus Finnanger Sandsmark og publisert digitalt etter avtale med Noregs Ungdomslag 2017. 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 17.04.2018