Hopp til innhold
Margaret Skjelbred. Foto: Ottar Hellevik / Tiden Norsk Forlag. Med løyve for Allkunne.
Margaret Skjelbred. Foto: Ottar Hellevik / Tiden Norsk Forlag. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Margaret Skjelbred

Margaret Skjelbred, forfattar som i 1980-åra skreiv dikt på dialekt. I 1990-åra gav ho ut barnebøker som vart landskjende gjennom NRK. Etter 2000 har ho vorte ein folkekjær forfattar med romanar og ei novellesamling for vaksne.

Margaret Skjelbred er fødd i Stokke i Vestfold 25. januar 1949. Ho tok sjukepleieeksamen i Tønsberg i 1970, utdanna seg vidare til psykiatrisk sjukepleiar og arbeidde dei fleste åra fram til 1990 ved Vestfold sentralsjukehus. Frå 1990 har ho vore forfattar på heiltid.

Ho debuterte som lyrikar med Det er åleine du er i 1983. Deretter følgde diktsamlingane Skilderier (1985) og Bakkesøte, øyentrøst (1989). Barneboka Tom og Andersen vart utgitt i 1993 og er den første av fem bøker om Tom og Andersen. Alle er illustrerte og skrivne på vers, som kan syngjast til Prøysen-tonar. Med romanen Lerkehjerter (1997) vender forfattaren seg til vaksne. Romanen vart bygd ut til trilogi, med oppfølgjarane Vildresinn (1998) og Alvemål (1999). På 2000-talet kom Gulldronning, perledronning (2004) og Mors bok (2009). I alt har ho skrive eit titals romanar. I 2019 debuterte ho som novelleforfattar med Hadde jeg vinger, der kvar novelle opnar med eit naturfoto.

Som lyrikar krinsar Skjelbred om det daglegdagse, som ho formar i rim og rytmar. I Det lir mot kveld / Kristinas reise (2014) har ho valt ei anna verseform, sonetten. Mange av dikta er tonesette, og dei fleste er skrivne på vestfolddialekt. Ho har vore flittig opplesar av eigne dikt ved lokale tilstellingar og i radioen. Gjennom Barnetimen for dei minste har ho nådd ut til born over heile landet med forteljingane sine. Også i romanane tek ho utgangspunkt i nære forhold. I Lerkehjerter er handlinga lagd til vestfoldbygder i byrjinga av 1900-talet, opplevd gjennom tre generasjonar. I Hadde jeg vinger krinsar forteljingane om barndom i 1950-60-åra, slik barna hugsar han som vaksne.

«Nå dånær jæ!»

Nå dånær jæ!
Hjertestrå! Ballblom og då!
Nå er alle guttær så pene!
Nå brånær jæ!
Hjertet må bulte og slå
for alle! Men mest for den ene!

Nå svimær jæ!
Så du'n? Så lyskledd og pen!
Kunne vært nok med det halle!
Nå vimær jæ
rundt og ser kun etter en,
men han ser jæ litt a i alle!

Diktet «Nå dånær jæ!» av Margaret Skjelbred: Skilderier. Gyldendal Norsk Forlag 1985. 
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider

Skjelbred sin kunstnarlege styrke er å fortelje truverdige historier som fangar lesaren. Hovudpersonane er helst kvinner. I den sjølvbiografiske romanen Mors bok fortel ho om oppveksten i ein strengt praktiserande haugianarfamilie. Du skal elske lyset (2011) er ei fiksjonsforteljing med same tema. Her får ho fram korleis folk med sterke religiøse overtydingar kan verte trongsynte livsfornektarar som fører skam og skuldkjensle over dei som står dei nær.

Skjelbred har fått kunstnar-, kultur- og litteraturprisar frå Tønsberg kommune og Vestfold fylke. For forfattarskapen sin på dialekt fekk ho Prøysenprisen i 1989. I 2005 fekk ho Amalie Skram-prisen.

Video: Odd Børretzen og Margaret Skjelbred syng «Internasjonalen» frå albumet Saltholmen (2009), youtube.com

Kjelder

Telefonsamtale med Margaret Skjelbred 16.4.2018

Margaret Skjelbred: Mors bok. Sort er hun, dog yndig. Oslo 2009

Ottar Fyllingsnes. «Romantisk og nostalgisk», intervju med Margaret Skjelbred, Dag og Tid 2.5.1997, dagogtid.no: http://old.dagogtid.no/arkiv/1997/18/litt.html [lesedato 4.1.2018]

Finn Stenstad: «De som kjemper mot mørket», bokomtale i Tønsberg Blad 12.10.2011, tb.no: https://www.tb.no/bok/kultur/de-som-kjemper-mot-morket/s/2-2.516-1.6546610 [lesedato 4.1.2018]

Peikarar

Digitaliserte bøker av Margaret Skjelbred på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Margaret Skjelbred i samtale Hans Olav Brenner om Mors hus, Bokprogrammet, NRK TV 1.9.2009, nrk.no 

Margaret Skjelbred i samtale om viseboka Og går jeg over enga, NRK P1 Vestfold 23.11.2017, nrk.no

Først publisert: 14.06.2018
Sist oppdatert: 28.02.2019