Hopp til innhold
Nils Henrik Smith. Foto: Kateryna Babkina / Samlaget.
Nils Henrik Smith. Foto: Kateryna Babkina / Samlaget.
X
Innhald

Nils Henrik Smith

Nils Henrik Smith, forfattar. Han blei rangert blant dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet i 2015.

Nils Henrik Smith er fødd 17. august 1980 i Stavanger, er oppvaksen på Bryne og bur i Berlin. Han gjekk på Lundehaugen videregående skole i Sandnes i 1996–99, studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2003–04 og har òg teke engelsk og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Han debuterte i 2007 med romanen Manhattan Skyline (2007), der stipendiaten i filosofi Aksel Eriksen i kjølvatnet av 11. september er villig til å undergrave den vestlege sivilisasjonen og blir involvert i ei undergrunnsrørsle. I 2009 kom romanen Austerrike, som er blitt kalla ein krimroman utan offer. Romanen handlar om makt og avmakt, og ein jurist står tiltalt for ei ugjerning lesaren ikkje får vite kva er.

Romanen Se ilden lyse over jord blei gitt ut i 2014. Både Lillehammer-OL og 22. juli-tragedien er bakteppe i romanen, der hovudpersonen er ein 61 år gamal mann som prøver å finne kjærleiken på nytt, medan livet hans blir nysta opp med lange tilbakeblikk om skam, begjær og einsemd.

Felles for romanane er at hovudpersonane opplever vendepunkt i livet sitt som blir avslørte for lesaren bit for bit. Smith skriv eit rikt, moderne og intenst språk, med setningar prega av lange innskot og digresjonar, truverdig dialog og tydeleg forteljarstemme.

Smith fekk Tarjei Vesaas' debutantpris i 2007 og Rogaland Mållags målpris i 2009. Han blei rangert blant dei ti beste forfattarane under 35 år av Morgenbladet i 2015.

Kjelder

Mette Karlsvik: «Nils Henrik Smith», snl.no: https://snl.no/Nils_Henrik_Smith [lesedato 29.5.2015]

Lasse Midttun: «Juryen har talt», morgenbladet.no, publisert 29.5.2015: https://morgenbladet.no/samtidsdiagnoser/2015/juryen_har_talt [lesedato 5.7.2016]

Nina Nordbø: «Jeg ble frastøtt av meg selv», nrk.no, publisert 3.10.2014: http://www.nrk.no/kultur/bok/intervju-med-nils-henrik-smith-1.11964332 [lesedato 29.5.2015]

Peikarar

Kåre Bulie: «– Drivende, reflektert og uvanlig godt skrevet debutroman», dagbladet.no, publisert 27.12.2007

Ragnhild Krogvig Karlsen: «Krim utan offer», nrk.no, publisert 28.10.2009

Anne Cathrine Straume: «Borende samtidsskildring», nrk.no, publisert 3.10.2014

Nina Nordbø: «De 10 beste forfatterne under 35», nrk.no, publisert 28.5.2015

Først publisert: 05.07.2016
Sist oppdatert: 05.07.2016