Hopp til innhold
Ola Setrom. Frå biletarkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbilioteket.
Ola Setrom. Frå biletarkivet til Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbilioteket.
X
Innhald

Ola Setrom

Ola Setrom, forfattar og lærar frå Oppdal som nytta nynorsk med innslag av oppdalsdialekt i forfattarskapen sin.

Ola Setrom var fødd 13. februar 1895 i Oppdal i Sør-Trøndelag. Han døydde 27. desember 1946 i heimbygda si, 52 år gamal.
 
Vinteren 1909–10 tok Setrom framhaldsskulen i Oppdal, før han gjekk eit år på Torshus Folkehøgskule i Orkdal (1911–12). Deretter tok han lærarutdanning i Levanger (1913–16). Setrom tok til å arbeide som lærar ved Slåen skule i Folldal i 1916. Der var han fram til 1919, då han vart lærar i Moi i Rogaland. Vinteren 1920–21 arbeidde han ved skulen i Storlidalen i Oppdal, før han i 1921 vart lærar ved Rise skule i Oppdal. Her hadde han arbeidsplassen sin fram til 1945.
 
I tillegg til læraryrket var Ola Setrom forfattar. Han skreiv både lyrikk og prosa. Setrom nytta nynorsk med innslag av oppdalsdialekt i det han skreiv.
 
Han debuterte som i 1926 med diktsamlinga Blåhøsongann, og det kom etter kvart tre diktsamlingar frå Setrom. Han skreiv òg romanar og noveller, der han mellom anna skildra dei store endringane i landbruket i dei norske bygdene frå ca. 1850 og utetter. Spesielt krinsar hovudverka – trilogien Medan steinane mel (1937), Eit år sviv rundt (1938) og Når tuftene ryk (1939) – rundt dette emnet. Setrom skreiv òg bokmeldingar og artiklar for aviser, til dømes for Dagsposten.
 
Han skreiv namnet sitt for Sæteren fram til 1934, då han endra det til Setrom.
 
Setrom fekk Melsom-prisen i 1937 for novellesamlinga Den raude logen (1936).
 
Kjelder
Åsta Setrom: Ola Setrom. Bortimot sjølbiografi montert og innramma. Trondheim 1987
Leif Mæhle (red): Norsk litterær årbok. Oslo 1967
Hallgerd Aune ofl.: Trønderforfattarar i 100 år. Trondheim 1999

Først publisert: 23.05.2013
Sist oppdatert: 17.04.2018