Hopp til innhold
Olav Øysteinson Sande. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Olav Øysteinson Sande. Fotokjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Olav Øysteinson Sande

Olav Sande var lærar og folkeminne- og folkemusikksamlar. Han var mellom pionerane i målrørsla på Vestlandet og laga ei av dei første bibelsogene på landsmål.

Olav Øysteinson Sande var fødd 28. juni 1850 på Sande i Kyrkjebø (no Høyanger kommune) og døydde i Bergen 23. august 1927. Han tok eksamen ved seminaret på Stord i 1871 og arbeidde som lærar i Leikanger i Sogn til 1920. 

På Stord vart Sande engasjert i målsaka. Til liks med fleire bondefødde lærarar i samtida var han aktiv i fråhaldsarbeid, folkevæpningslag, frilynt ungdomsarbeid og venstrepolitikk. På søndagar utan gudsteneste heldt han møte med andakt i skulestova, og om vintrane arrangerte han ofte kveldsskule for ungdom.

Då Vestmannalaget i 1880 lyste ut ein konkurranse om den beste bibelsoga på landsmål, var Sande ein av dei som sende inn manuskript, utan å vinne. Seinare fekk han nyss om at lærarane i juryen hadde tykt best om hans utkast, og han forkorta og forbetra manuskriptet i samråd med mellom andre Matias Skard og Elias Blix. Boka kom ut på Samlaget og vart godkjend til skulebruk i 1895.

Heilt frå dei første læraråra skreiv Sande mykje i fleire aviser og tidsskrift, og i 1889 gav han ut forteljinga Innestengt. Han samla folkeminne og gav ut to band med segner frå Sogn. Frå tidleg i 1890-åra samla han folketonar, og frå 1899 fekk han statsstøtte til dette arbeidet. I dei fem tonesamlingane hans finn vi i tillegg til tradisjonsstoff også ein god del eigne komposisjonar. Mellom kjende tonar av Sande er «Himmelske Fader» og «Det stig av hav eit alveland».

Minnesteinen over Olav Sande. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1994 vart det reist minnestein over Sande på heimegarden hans, Instevik. Foto: Ottar Starheim, NRK. Kjelde: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

Kjelder

Per Halse: Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål. Trondheim 2011

Tallak Lindstøl: Stortinget og statsraadet. 1814–1914, bd. 1, del 2. Kristiania 1914

Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø 1950

Nasjonalbiblioteket, Brevsamling nr. 514 (Matias Skard)

Martinus Sørestrand: «Olav Sande 70 aar», Ung-Norig, nr. 6/3, juni 1920

Sverre Aas: Olav Sande. Eit liv i ord og tonar 1850–1927. Leikanger 1998

 

Peikarar

Bibliografi i Bibsys, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 28.10.2020
Sist oppdatert: 28.04.2021