Hopp til innhold

Peer Storeygard

Peer Storeygard, norskamerikansk målmann, journalist, forfattar og redaktør av nynorskbladet Norrøna, som vart utgitt i USA i byrjinga av 1900-talet.

Peer Storeygard var fødd i Heidal i Gudbrandsdalen i 1871 og døydde i 1956. Han utvandra til Minnesota i 1885 saman med foreldra. I 1900 starta han Norrøna – det fyrste blad på norskt maal i Vesterheimen i Walnut Grove, Minnesota. Bladet gjekk inn etter berre eitt år, men i 1914 starta han opp bladet på ny i Fargo, Nord-Dakota. Også denne gongen gjekk det inn etter eitt år. I åra imellom gav han ut ei engelskspråkleg avis, The Revere Record.

Storeygard kunne seks språk og var spesielt interessert i gamalnorsk og norsk språkhistorie. Han var svært oppteken av astrologi og skreiv fleire artiklar om emnet i Norrøna. Han arbeidde òg ut eit kalendersystem han kalla The Norrøna Calender, og han skapte eit alfabet som skulle høve til alle språk.

Som redaktør var Storeygard den som bidrog med mest stoff i Norrøna. Han skreiv artiklar om alt mogleg, frå astrologi til politikk og målsak. Språkleg var han svært konservativ. Han nytta nokre gamalnorske bokstavar og hevda samstundes at kulturen i Noreg ikkje var nasjonal nok.

Kjelder

Ingebregt Sevre: «Peer Storeygard. Mannen som skipa det fyrste blad på norsk i Vesterheimen», Nynorsk Vekeblad, nr. 49/50, 1948

Arne Sunde: «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920» i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. The Norwegian-American Historical Association. Northfield, Minnesota 1995

Først publisert: 02.05.2018
Sist oppdatert: 02.05.2018