Hopp til innhold

Ragnvald Skrede

Ragnvald Skrede var forfattar, lyrikar, gjendiktar og litteraturkritikar. Han utfalda seg i spennet mellom det moderne og det tradisjonelle, det personlege og det allmenne.

Ragnvald Skrede var fødd 27. april 1904 i Vågå og døydde 16. august 1983. Han utdanna seg ved Elverum lærarskule (1921–24) og studerte filosofi (1926), historie (1928), gresk (1934) og latin (1935) som privatist ved Universitetet i Oslo, samstundes som han var i arbeid som lærar og klokkar i Rauland og Vågå. Han vart seinare litteraturkritikar for Verdens Gang (1945–53) og Dagbladet (1954–67). 

Skrede sin forfattarskap inneheld forteljande lyrikk, både i tradisjonell, klassisk form og etter kvart i frie vers. Han nyttar rike naturskildringar og naturbilete, og ofte motiv og hendingar frå den norrøne mytologien. Diktinga er konkret og intens når han tematiserer angst og einsemd, det å vere på sida av fellesskapen og mangle tillit til samfunnsmakta. Å kjempe for ei meining i livet, sjølv når det ser mørkt ut, går som ein raud tråd gjennom dikta hans. Ein personleg undertone avslører sterke kjensler og tøffe livserfaringar. Lyrikaren hadde ein vanskeleg oppvekst og vart i 1936 dømd for seksuelle overgrep. Skrede kjende seg urettvist dømd, noko som pregar diktinga hans. Kjennskap til desse hendingane gir høve til ei dobbel tolking av mange av dikta hans.

I 1947 skreiv Skrede ein biografi om Tarjei Vesaas. Skjønnlitterært debuterte han i 1949, med diktsamlinga Det du ikkje veit. For den neste samlinga, I open båt på havet (1952), fekk han kritikarprisen frå Norsk litteraturkritikarlag. Livskamp og eigenstyrke vert her symbolisert i diktet om reven som gneg av seg foten for å kome laus frå ei glefse. Så går han inn i ura og døyr. Skrede gav ut til saman tolv diktsamlingar, i tillegg kom det ut dikt i utval både i 1964 og 1969. Den siste samlinga hans var Brenning (1975).

Forfattaren dramatiserte ein roman av Nikos Kazantzakis for Det Norske Teatret og fekk sett opp ein eigen tekst i Radioteateret, begge i 1954. Som omsetjar gjendikta han mellom anna alle Shakespeare sine sonettar. Han var òg redaktør for fleire novelleantologiar. Skrede var elles aktiv i kulturelt arbeid og heldt mellom anna litterære foredrag. Han sat som medlem av juryen for Nordisk råds litteraturpris frå 1969 og var formann i Det litterære råd i Den norske forfatterforening 1970–72. I 1967 fekk han Doblougprisen og i 1969 Norsk kulturråds pris.

Kjelder

Otto Hageberg: Svidd sjel. Ein biografi om Ragnvald Skrede. Oslo 2003
Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018
Otto Hageberg: «Ragnvald Skrede», Norsk biografisk leksikon, nbl.snl.no: https://nbl.snl.no/Ragnvald_Sk... [lesedato 1.10.2018] 

Peikar

Agnes Moxnes: «Var Ragnvald Skrede uskyldig?», omtale av Hagebergs biografi, nrk.no https://www.nrk.no/kultur/var-ragnvald-skrede-uskyldig-_-1.533922 [lesedato 1.10.2018]

 

Først publisert: 27.03.2019
Sist oppdatert: 27.03.2019