Faktaboks

Rakel Solstad
Fødd
9. januar 1945, Kiberg, Finnmark
Rakel Solstad.
Av /Samlaget.

Rakel Solstad er forfattar og skribent, og har i mange år arbeidd som lærar og pedagogisk-psykologisk rådgivar. Solstad skildrar oppveksten til barn i utsette posisjonar.

Bakgrunn

Rakel Solstad er fødd i Finnmark. Ho har utdanning som allmennlærar frå Tromsø lærerhøgskole (1967), og er cand.polit. frå Universitetet i Trondheim (no NTNU) med faga psykologi, nordisk og pedagogikk (1983). Solstad har arbeidd som lærar og pedagogisk-psykologisk rådgivar i Barne- og familietenesta i Trøndelag.

Forfattarskapen

Solstad skriv på nynorsk og har gitt ut novellesamlingar og romanar. I tillegg har ho publisert artiklar i fagblad og aviser. Ho nyttar både den personlege erfaringa og yrkeserfaringa når ho gjer barn sine lagnader om til tekst. Skildringane hennar av barn er ærlege, truverdige og ujålete, og ho syner stor forståing for barnet si tankeverd. Språket i bøkene er intenst og metta med meining. Stemningar vert skapte nøkternt og stillferdig, men samstundes på ein sterk og effektiv måte.

Ho debuterte i 2013 med novellesamlinga Men kva veit vi om barna, som episodisk skildrar tre ulike barn sine liv. Forteljingane gir eit nært møte med den einsame jenta, guten i fosterheim og den lengtande internateleven. I for internatunge (2019) er Solstad sin første roman. Dei sterke historiene om elevane ved internatskulen i Finnmark har eit samfunnsmessig og politisk bakteppe. I 1950- og 60-åra vart samiske og kvenske barn flytta frå heimane sin for å få utdanning og verte fornorska. Livet kunne vere brutalt for desse barna, og romanen skildrar omsorgssvikt på fleire nivå.

Bibliografi

  • Alle ting vert nye (Noveller, Samlaget, 2021)
  • I for internatunge (Roman, Samlaget, 2019)
  • Falle (Noveller, Samlaget, 2015)
  • Men kva veit vi om barna (Noveller, Samlaget, 2013)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg