Hopp til innhold
Sigri Sandberg. Foto: Yina Chan / Gyldendal Norsk Forlag. Nytta etter avtale.
Sigri Sandberg. Foto: Yina Chan / Gyldendal Norsk Forlag. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Sigri Sandberg

Sigri Sandberg, frilansjournalist, tekstforfattar, forfattar og villmarksentusiast som har skrive eit titals bøker om natur, klima og friluftsliv, fleire av dei saman med polfarar Cecilie Skog.

Sigri Sandberg er fødd 23. august 1975 i Bergen, voks opp der og i Gulen kommune i Sogn og Fjordane og er busett i Oslo. Ho tok vidaregåande skule i 1991–94 og er utdanna journalist frå Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho har òg studert nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

Sandberg har vore tilsett i fleire aviser, mellom anna Dagens Næringsliv i 2000–03, Svalbardposten i 2003–05 og Ny Tid i 2005–07. Ho har arbeidd frilans sidan 2007 og har skrive for mellom anna Dagbladet, Morgenbladet, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, VG, Kvinner og Klær, A-magasinet, friluftsmagasinet UTE og ulike fagtidsskrift.

Saman med polfarar Cecilie Skog har ho mellom anna skrive bøkene Cecilie Skog og de tre polene (2006), Antarktis. 71 dager, 1800 kilometer og én million tanker (2011) og Et friluftsliv (2014).

Ho har budd åtte år på Svalbard, og Klimaboka. På cruise dit verda smeltar (2011, debattbok for ungdom), Polarheltinner (2012) og biletboka Vindtrollet (2015) er alle lagde til arktiske strok.

Sandberg er allsidig og skriv i mange sjangrar – frå biletbøker og ungdomsbøker til historiebøker, dokumentarar og friluftsbøker. Ho held foredrag og har skrive tekstar til plata Vind (2016) saman med musikar Liv Mari Schei, og ho har laga filmkonserten Polar eufori.

Sandberg skriv både bokmål og nynorsk.

Kjelder

Bjørn Åge Mossin: «Jeg driver med uavhengige hjerteprosjekter i randsonene av journalistikken», journalisten.no, publisert 6.2.2015: https://journalisten.no/2015/02/sigri-sandberg-morten-m%C3%B8rland-vindtrollet-svalbard-klima-ekstremv%C3%A6r-troll [lesedato 21.2.2018]

Sigri Sandberg, forfattarside, gyldendal.no: http://www.gyldendal.no/Forfattere/Sandberg-Sigri [lesedato 21.2.2018]

Nettstaden til Sigri Sandberg, sigri.no: http://www.sigri.no/ [lesedato 21.2.2018]

Peikarar

Christopher Engås: «Savn førte til bok om trær», svalbardposten.no, publisert 11.10.2017 (tilgjengeleg med passord) 

Først publisert: 15.02.2019
Sist oppdatert: 15.02.2019