Alf Torp
Alf Torp, språkforskar. Han gav ut etymologiske ordbøker for dansk og nynorsk, og skreiv om lite kjende, utdøydde språk.
Anders Totland
Anders Totland
Anders Totland, journalist og forfattar som skriv skjønnlitteratur og sakprosa. Som forfattar går han inn i vanskelege og krevjande tema for ungdom.
Anne Karin Torheim
Anne Karin Torheim
Anne Karin Torheim, forfattar og kritikar. Ho er ein innfallsrik og kresen og opposisjonell forfattar som vrir på og undergrev klisjéspråk og seiemåtar og går nye vegar i lyrikk og prosa.
Brynjulf Jung Tjønn
Brynjulf Jung Tjønn
Brynjulf Jung Tjønn er forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og journalist. Han skriv poetisk, kort og presist om tap og familierelasjonar.
Carl Frode Tiller
Carl Frode Tiller
Carl Frode Tiller er forfattar av romanar og skodespel. Tiller var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019.
Einride Tveito
Finn Tokvam
Finn Tokvam
Finn Tokvam, artist og programmedarbeidar i NRK. Han er blitt ei original røyst i norsk journalistikk og underhaldning, med evne til å overraske der ein ventar det minst.
Helge Torvund
Helge Torvund
Helge Torvund, lyrikar, forfattar, psykolog og kritikar. Frå debuten i 1977 og fram til 2007 har han gitt ut diktsamlingar nesten årleg, til saman 25.
Ingrid Tyldum
Ingrid Tyldum
Ingrid Tyldum var lærar og lyrikar og gav ut to diktsamlingar. Ho sat i styret i Noregs Mållag i 1960-åra.
Jarle Trå
Jarle Trå
Jarle Trå, fjellklatrar og turoperatør. I 2009 overlevde han to døgn nær toppen av Mount Everest, utan å kome opp på sjølve toppunktet.
Jens Tvedt
Jens Tvedt, forfattar og bibliotekar, var ein stor skildrar av bygdelivet på Vestlandet.
Johan Tufteland
Johan Tufteland
Johan Tufteland var fiskar, lærar og forfattar og hadde ein mangesidig litterær produksjon bak seg.
Jon Tolaas
Jon Tolaas
Jon Tolaas, lektor, forfattar og tverrfagleg draumeforskar med vidgreint internasjonalt nettverk.
Jørund Telnes
Jørund (Jørgen) Telnes var bonde, norskdomsmann og diktar. Sjølv om han var mest aktiv lokalt, hadde han lesarar over heile landet.
Kjetil Tandstad
Kjetil Tandstad
Kjetil Tandstad, journalist, redaktør, lokalhistorikar og museumsmann. Han har vore redaktør i Dag og Tid og journalist i Sunnmørsposten i ei årrekkje.
Knut Martin Teigen
Knut Martin Teigen, norskamerikansk lege og forfattar. Han er truleg den einaste innfødde amerikanaren som var aktiv i målsaka og publiserte fleire tekstar på nynorsk.
Kristine Tofte
Kristine Tofte
Kristine Tofte er forfattar, psykolog og aktiv bloggar. Med romanane sine ønskjer ho å fremje god fabelprosa for vaksne.
Magnus Helge Torvanger
Magnus Helge Torvanger
Magnus Helge Torvanger er forfattar, journalist og lokalhistorikar. Han har gitt ut både barne- og ungdomsromanar, og dessutan historisk sakprosa.
Marie Takvam
Marie Takvam
Marie Takvam, forfattar av mellom anna dikt, romanar og skodespel. Ho kombinerte ei kroppsleg og kritisk kvinnerøyst med ei usentimental tematisering av både sorg og glede.
Marit Tusvik
Marit Tusvik
Marit Tusvik, stilsikker forfattar med stor variasjon i tema og sjangrar. Ho er ei av dei få i landet som skriv ny scenedramatikk, og stykka hennar er oppførte ved fleire norske og utanlandske teater.
Norvald Tveit
Norvald Tveit, forfattar og dramatikar, særleg kjend for sine burleske folkekomediar.
Ragnfrid Trohaug
Ragnfrid Trohaug
Ragnfrid Trohaug er forfattar og forlagsredaktør med bøker for barn og ungdom som spesialfelt.
Reinert Torgeirson
Reinert Torgeirson, journalist, redaktør og forfattar. Han var ein pioner i arbeidarrørsla først på 1900-talet og var med på å stifte Norges Kommunistiske Parti.
Rune Timberlid
Rune Timberlid
Rune Timberlid, journalist, informasjonssjef og forfattar av kriminalromanar med handlinga lagd til Sogn og Fjordane.
Terje Torkildsen
Terje Torkildsen
Terje Torkildsen, forfattar av ungdomsbøker, «morolog», skodespelar og miljøaktivist.
Terje Tørrisplass
Terje Tørrisplass
Terje Tørrisplass er ein norsk naturlyrikar og skogsarbeidar. Sorg, sakn og relasjonen mellom natur og menneske står sentralt i diktinga hans.
Trude Teige
Trude Teige
Trude Johanne Teige, journalist, forfattar, omsetjar og programleiar for «Tabloid» og «Trude» på TV2.