Faktaboks

Jørund Telnes

Jørgen Telnes

Fødd
10. januar 1845, Seljord, Vestfold og Telemark
Død
3. februar 1892, Seljord, Vestfold og Telemark
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Nils Sigurdsson Forberg (1815–74) og Ingebjørg Jørgensdotter Telnes (1825–1916).

Gift 1) 27.10.1874 i Seljord med Anne Kjetilsdotter Øverland (26.4.1850–27.4.1888), dotter til bonde Kjetil Høyeson Øverland (1818–99) og Maren Jørgensdotter Midbøen (1827–94); 2) 17.7.1889 i Bø med Anne Isaksdotter Grave f. Dale (29.7.1851–29.9.1935), dotter til bonde Isak Gundersen Dale og Anne Alfsdotter.

Jørund Telnes var bonde, forfattar og engasjert i norskdomsrørsla. Sjølv om han var mest aktiv lokalt, hadde han lesarar over heile landet.

Telnes var fødd i Seljord i Telemark. Han var ein markant lokalpolitikar i Seljord, der han sat som ordførar i fire periodar mellom 1878 og 1888, då han sa frå seg attval. I 1886 vart han ein av dei første ordførarane i landet som førte møteboka på landsmål. Både i politikken og elles var han ein bondeven og tok fleire gonger til motmæle mot lokale embetsmenn.

Telnes gav ut fleire diktsamlingar, og dikta hans vart etter kvart lesne over heile landet. Det er sett tone til fleire av dikta, og mest brukt som allsong var truleg «Skilauparvisa» (1890), med opningslinene «Naar som Noreg i Sylvkaapa glimer, daa paa Føtane spenner me ski». Diktinga hans er sterkt knytt til Seljord. Fleire av bøkene hans er forteljande diktsyklusar som hentar stoffet frå lokale soger og segner.

Aktiv i folkehøgskule-miljøet

Telnes hadde odelsrett og visste frå ung alder at han skulle ta over garden. Han søkte seg likevel ut, og gjekk lærarskulen i Kviteseid. Etter å ha arbeidd nokre år som lærar i heimbygda gjekk han eitt år ved folkehøgskulen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen. Dette året sette store merke, først og fremst gjennom samtalane med Bruun og Kristofer Janson, og Telnes talte varmt om dette skuleslaget resten av livet. Han såg med glede på at det kom ein folkehøgskule i Seljord tidleg i 1870-åra, og han var seinare aktiv i miljøet rundt denne folkehøgskulen.

Frå 1880 styrte Viggo Ullmann denne folkehøgskulen, og Telnes var ofte usamd i måten den smått aristokratiske Ullmann dreiv skulen på. Han meinte at Ullmann var for påverka av fritenking og europeisk kultur, og det vart fleire kvasse ordskifte om dette, også i blad og aviser. I kommunestyret røysta han mot å gi tilskot til folkehøgskulen, noko han fekk mykje kritikk for. I lokalpolitikken var han aldri redd for å seie meininga si, sjølv om dette kunne føre han på kant med dei mektigaste i lokalsamfunnet.

Forfattarskapen

Telnes tok tidleg til å skrive dialektnært landsmål. Då Hans Ross redigerte Norske Viser og Stev i 1969, tok han med to dikt av Telnes, «Sveinkallen» og «Møykjeringi». Ross var òg ein god medhjelpar før debutboka til Telnes, diktsyklusen Sterkenils, kom i 1877. Boka er eit forteljande diktverk, som på mange måtar er i slekt med Aasmund Olavsson Vinjes Storegut, som kom elleve år tidlegare. Emnevalet og utforminga er nokolunde det same i dei to bøkene, som begge hentar stofftilfang frå lokale soger.

I åra fram til 1880 kom det tre nye bøker frå Telnes. I Kvæe (1878) har broren Sigurd Sundbø frå Nes skrive rundt ein femtedel av dikta, medan Telnes i Rupe-Ber (1878) også har med prosatekstar. I 1880 kom Guro Heddelid, som oftast vert rekna for å vere den beste boka hans. Til liks med Sterkenils er stoffet henta frå ei lokal segn, og det er ein forteljande diktsyklus, men Telnes fyller her ut med prosatekstar.

Telnes skreiv òg mykje i ulike blad, mest i Varden og Fedraheimen. Dette var gjerne sterkt agitatoriske tekstar, der han kritiserte dei lokale autoritetane og talte varmt om at bøndene måtte røyste på sine eigne.

Telnes skreiv ei blanding av dialekt og landsmål. Bøkene hans kom ut på ulike forlag, slik at rettskrivinga varierer frå verk til verk. Då Rikard Berge redigerte Skrifter, som kom i to band i 1925, var dialekttekstane samla i det eine bandet, medan tekstane på landsmål var i det andre. Her er det òg teke med nokre tidlegare uprenta arbeid.

Personleg liv

I 1880-åra kom det få nye bøker frå Telnes. Det var nok fleire grunnar til det. I tillegg til å drive gard var han ordførar i Seljord. Like viktig var det truleg at det var ei strid tid i familien. Mellom 1880 og 1887 miste han fire born, og alle desse var under tre år gamle. I 1888 døydde òg kona hans. Han gifta seg opp att i 1889, men skal ha vore sterkt prega av desse dødsfalla resten av livet. Han vart meir religiøs, og då han igjen tok til å dikte, skreiv han fleire salmar. I Norsk salmebok 2013 er han representert med «Me slår framfor oss krossen din» frå 1845.

Telnes døydde i 1892, berre 47 år gamal. Bygdefolket reiste ein minnestein på grava hans, med teksten «Han arbeidde meir for folk og fedreland enn for seg sjølv.»

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Jørund Telnes
Historisk befolkingsregister-ID
pf01038144001134

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg