Hopp til innhold
Kjetil Tandstad. Foto: Samlaget. Med løyve for Allkunne.
Kjetil Tandstad. Foto: Samlaget. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Kjetil Tandstad

Kjetil Tandstad, journalist, redaktør, lokalhistorikar og museumsmann. Han har vore redaktør i Dag og Tid og journalist i Sunnmørsposten i ei årrekkje.

Kjetil Tandstad er fødd 20. august 1950 og voks opp i Sykkylven i Møre og Romsdal. Han var elev ved Volda gymnas i 1966–69 og studerte mediefag og historie ved Universitetet i Bergen i byrjinga av 1970-åra.

Tandstad var redaktør i Dag og Tid i 1976–80, redaksjonssekretær ved Nynorsk Pressekontor i 1980–82 og frå 1982 journalist i Sunnmørsposten. I 2010 blei han avdelingsleiar ved Sunnmøre Museum si avdeling Norsk Møbelfaglig senter (NMFS) i Sykkylven.

Tandstad har skrive historie-, humor- og kulturbøker. Han debuterte med Handbok for huslause (1982), og i 1990 gav han ut boka Møre og Romsdal 1920–1940. I våre besteforeldres tid, rikt illustrert med fotografi frå mellomkrigstida. I 2006 kom Tandstads reviderte samlebok, med petitartiklar frå Sunnmørsposten. I den uhøgtidelege Absolutt Sunnmøre (2007) skriv han kåseri om mytane om sunnmøringane og kommunane på Sunnmøre. Ungdomshuset Vaarvon 100 år. Kvelving over kvardag og fest (2012) skreiv han saman med Eldar Høidal, og Hverdagspionerer (2015) fortel historia om ingeniørutdanninga i Ålesund gjennom 50 år. Same året var han med på Steikje te styr. 14 forteljingar om Sunnmøre.

Kjetil Tandstad er redaktør for Årbok for Sykkylven (frå 2003) og har vore tekstforfattar for Straumgjerderevyen i Sykkylven sidan 2002. Han var styremedlem i Møre og Romsdal Journalistlag i 2006–14. Han er òg engasjert i Aura-Påls vener i Sykkylven, som arbeider med å gjenskape forhistoriske funn i kommunen. Tandstad skriv både nynorsk og bokmål.

Kjelder

Kjetil Tandstad, forfattarside på samlaget.no: https://samlaget.no/collections/kjetil-tandstad [lesedato 21.2.2018]

«Kjetilbloggen», nettstaden til Kjetil Tandstad, jakupp.blogspot.dk: https://jakupp.blogspot.dk/ [lesedato 21.2.2018]

Peikarar

Silje Steinnes Bjerknes og Sissel Beate Brunstad: «Bygger historisk bronsealderhus i Sykkylven», nrk.no, publisert 9.5.2016 

Atle Hole: «Ris til eigen bak!», smp.no, publisert 12.4.2014

Først publisert: 05.12.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018