Hopp til innhold
X
Innhald

Kristine Tofte

Kristine Tofte er forfattar, psykolog og aktiv bloggar. Med romanane sine ønskjer ho å fremje god fabelprosa for vaksne.

Kristine Tofte er fødd 29. november 1970 i Bergen og er busett på Stord. Ho har grunnfag i psykologi (1992) og religionsvitskap (1993) frå Universitetet i Bergen og er cand.psychol. frå Universitet i Århus (2002). I tillegg til å praktisere som psykolog har Tofte faste spalter om ulike emne i Haugesunds Avis, LO Aktuelt og Bokvennen Litterær Avis.

Tofte debuterte med romanen Slaget på Vigrid i 2009, som er det første bindet i serien Song for Eirabu. Oppfølgjaren, Vargtid, kom i 2012. Forfattaren skriv fantasybøker, eller fabelprosa, og har eit målretta prosjekt om å nå ei vaksen målgruppe, med ein sjanger som i Noreg tradisjonelt har vore mynta på ungdom. Tofte har òg medverka i ei rekkje antologiar, mellom anna i den bloggdebatterande Gi meg en scene (2012).

Forfattaren har skapt ei fantasiverd inspirert av norrøn mytologi. Her møter vi eventyrskapningar, gudar og volver, soger og spådomar, sverdslag og maktkamp. Tofte tematiserer mennesket sin kamp mot lagnaden og det å vere ei brikke i eit spel. Språket er særleg kjenneteikna av sterke visuelle skildringar og poetiske element.

I dei to bøkene om Eirabu møter vi systrene Ragna, Berghitte og Runa, som alle har roller i ein fastlagd lagnad. Dei unge kvinnene hamnar på kvar sine sider i ein storslått maktkamp som er meint å ende i ragnarok, verdas undergang. Eigen vilje og blodsband, og krefter og kunnskap, skaper spenning og kontrast i møte med lagnad, spådommar og kaoskrefter.

Kjelder

E‑post frå Kristine Tofte 3.1.2018

Kristine Tofte sin blogg, omtale av forfattaren og bibliografi, haustljos.wordpress.com: https://haustljos.wordpress.com/english-text-and-worldwide-blood-websites/ [lesedato 23.10.2017]

Jon Ewo intervjuar forfattaren, jonewo.net: http://jonewo.net/?s=Kristine+Tofte [lesedato 5.4.2018]

Peikarar

Boktips frå Nynorsksenteret, nynorskbok.no 

Melding av Vargtid frå litteraturbloggen Bokstavelig talt, elbakken.blogspot.no 

Først publisert: 27.07.2018
Sist oppdatert: 27.07.2018