Hopp til innhold
Foto: Herborg Pedersen/ Samlaget
Foto: Herborg Pedersen/ Samlaget
X
Innhald

Ragnfrid Trohaug

Ragnfrid Trohaug er forfattar og forlagsredaktør med bøker for barn og ungdom som spesialfelt.

Ragnfrid Trohaug er fødd 23. desember 1975 i Bodø og tok Intenational Baccalaurate-eksamen ved United World College of the Atlantic i Wales i 1994. Ho er cand.mag. frå Universitet i Bergen, med litteraturvitskap, kunsthistorie og spansk, og ho tok forfattarstudiet i Bø i 1999/2000. Same året debuterte ho med ungdomsromanen Okkupert kjærleik, som ho fekk debutantprisen for. Ho skreiv to ungdomsromanar, ei barnebok og eit høyrespel før ho vart forlagsredaktør i Mangschou Forlag i 2005. Frå 2006 til 2017 var ho forlagsredaktør, med hovudsansvar for barne- og ungdomslitteraturen i Det Norske Samlaget. I 2018 blei ho redaksjonssjef for Cappelen Damm Barn og ungdom.
 
I romanane sine har Trohaug teke opp aktuelle tema som homofili og anoreksi, men det er dei gode skildringane av generelle kjensler knytt til pubertet og ungdomstid som gjer forfattarskapen hennar særleg interessant.
 
Trohaug har vore styremedlem i Norske barne- og ungdomsbokforfatteres forening og Norsk Barnebokinstitutt. Ho har òg vore aktiv som litteraturformidlar både som forfattar på turné, foredragshaldar og som lærar på skrivekurs for ungdom. For Okkupert kjærleik fekk ho Kulturdepartementet sin debutantpris og Blixprisen (2000). Ho har òg fått Guro Sandsdalens minnepris (2003).
  
Kjelder
Korrespondanse med Ragnfrid Trohaug

Pressemelding frå Cappelen Damm, mynewsdesc.com, http://www.mynewsdesk.com/no/c... [lesedato 5.1.2018]

Forfattarside om Ragnfrid Trohaug, samlaget.nohttp://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/T/Ragnfrid-Trohaug.aspx [lesedato 19.01.2011]


Først publisert: 19.01.2011
Sist oppdatert: 09.05.2019