Hopp til innhold
X
Innhald

Reinert Torgeirson

Reinert Torgeirson, journalist, redaktør og forfattar. Han var ein pioner i arbeidarrørsla først på 1900-talet og var med på å stifte Norges Kommunistiske Parti.

Reinert Mareilius Torgersen var fødd i Ålesund 12. juli 1884 og døydde i Oslo 30. november 1970. Han starta arbeidslivet som fiskar, men fekk i 1902 jobb som kontorist. I 1907 melde han seg inn i Ålesund Arbeidarparti og byrja å skrive for den lokale partiavisa. Han var journalist i Ny Tid i Trondheim i 1910–15, forretningsførar for Arbeidarpartiet sitt ungdomsforbund i 1915–18 og forlagssjef i partiet i 1919–23. Då Kommunistpartiet vart stifta i 1923, vart han redaktør for partiet si avis i Ålesund, og frå 1925 til 1929 for partiavisa i Bergen.

Torgeirson si drivkraft var ønsket om å sikre arbeidsfolk politisk styrke, økonomisk framgang og kulturell sjølvtillit. Gjennom journalistikken nådde han mange, og gjennom diktinga endå fleire. Han gav ut diktsamlingane Under rødt flag (1915) og Digte (1920), skreiv patriotiske songar om heimbyen, hyllingsdikt til tyske revolusjonære og teaterstykke med arbeidsfolk i hovudrollene. I 1929–30 var han student ved Lenin-skulen i Moskva. Utviklinga i den nye Sovjetstaten gjorde han kritisk til kommunismen, og i 1937 melde han seg ut av Kommunistpartiet.

I trettiåra var Torgeirson medarbeidar i Arbeidermagasinet, ein ny type blad, som satsa på meiningsfull underhaldning. Her bidrog han med reportasjar og noveller, teater- og litteraturkritikk. Etter krigen var han frilansforfattar og frå rundt 1950 redaktør i fråhaldskafeane sitt forbundsblad.

Kjelder

Ivar Gunnar Braaten: «Reinert Torgeirson og Ålesund», Årbok for Sunnmøre, 2014

Gunnar Lund: «Arbeiderveteranen Reinert Torgersen er død». Friheten nr. 17/1970

Artiklar om Reinert Torgeirson i Friheten 15.5.1948, 2.12.1966 og 1.–6.12.1969

 

Jostein Fet: «Reinert Torgeirson (1884–1969)», Sunnmørsdiktarar 1600–1975. Oslo 1977. Tilgjengeleg på nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/53b7ee783b292150f16784623ef4fa51?index=1#93 [lesedato 4.11.2017

Martin Nag: Glemte arbeiderdiktere. Oslo 1975. Tilgjengeleg på nb.no: https://www.nb.no/nbsok/nb/b9c5bb0f8ca71b2714abb123223622c1?index=32#5 [lesedato 5.11.2017]

Peikarar

Norges Kommunistiske Parti: Artikler og nettsider om Reinert Torgeirson, nkpmn.org 

Reinert Torgeirson: «Hilsen til veteranene», dikt, nkpmn.org 

Først publisert: 07.03.2018
Sist oppdatert: 07.03.2018