Hopp til innhold
Foto: Tone Leksbø/ Cappelen Damm
Foto: Tone Leksbø/ Cappelen Damm
X
Innhald

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo, journalist og forfattar, kritikar og kulturredaktør i Vårt Land. I 2014 gav han ut ei protestvise om norsk landbruk.

Alf Kjetil Walgermo er fødd 30. desember 1977 på Sjøholt i Ørskog kommune, Møre og Romsdal. Han tok allmennfag ved Spjelkavik vidaregåande skule i 1996, har studert kristendom på Fjellhaug internasjonale høgskule i Oslo i 1996–97 og matematikk og informatikk ved Universitetet i Oslo i 1998–99. Vidare er han cand.mag. med journalistutdanning frå Høgskolen i Oslo (1999–2001) og mellomfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo (2001–03).
Etter eit år som redaktør for ungdomsbladet Ungdom og Tiden og eit halvt år som forlagskonsulent i Lunde forlag blei Walgermo i 2003 fast tilsett som journalist i Vårt Land. Her har han arbeidd i kulturavdelinga og er no kommentator og litteratur- og filmkritikar. Walgermo har eit kristent verdigrunnlag, og som kritikar er han oppteken av både etiske og estetiske aspekt ved samtidslitteratur og film.
I 2013 vart han tilsett som kulturredaktør i Vårt Land.
Walgermo var juryleiar for Brageprisen mellom 2009 og 2011. Sidan 2008 har han sete i styret i Norsk kritikarlag. Han var ein periode fungerande leiar (2008–09) og gjekk i 2012 inn i rolla som fungerande nestleiar.
I 2003 var Walgermo redaktør for antologien Eselhistorier. Bakspark fra verdenslitteraturen. Han debuterte skjønnlitterært i 2006 med ungdomsboka Mestermøter, der han gir stemme til hundre personar som møtte Jesus. Den første barneboka hans kom i 2007 og heiter Keegan og sjiraffen. Ungdomsromanen Mitt bankande hjarte (2011) handlar om Amanda, ei forelska jente med hjartefeil. Walgermo hentar i denne boka hjartemetaforen attende til kroppen: Hjartet er på same tid ein metafor for kjærleik og eit fysisk, bankande organ. Romanen er seld til ei rekkje land.
I 2014 gav Walgermo ut singelen "Kommune utan ku", ei humoristisk protestvise om nedbygginga av norsk landbruk. Visa er også eit stikk til landbruksminister Sylvi Listhaug, som gjekk på barneskulen saman med Walgermo.
I 2012 fekk Walgermo både Statens kunstnarstipend og Bokhandelens barnebokstipend.
Kjelder
E-postar frå Alf Kjetil Walgermo 26.9.2012 og 22.1.2013
«Bokhandelens barnebokstipend til Alf Kjetil Walgermo», forfatterforeningen.no, publisert 14.9.2012: http://www.forfatterforeningen.no/artikkel/bokhandelens-barnebokstipend-til-alf-kjetil-walgermo#.UP73SqHm4Q5 [lesedato 22.1.2013]
Peikarar

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 30.01.2018