Hopp til innhold
Faksimile av framsida til diktsamlinga Storm over Skagastølstind (1969). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av framsida til diktsamlinga Storm over Skagastølstind (1969). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Magne Wergeland

Magne Johan Iversen Wergeland var fødd 16. mai 1899 i Brekke i Sogn og døydde 9. august 1973 i Kongsberg. 

Wergeland tok eksamen ved Nidaros lærerskole i 1925. Som nyutdanna lærar var det vanskeleg å få arbeid, så Wergeland reiste til USA i 1927 og vart verande der til 1933. Attende i Noreg var han lærar fleire stader, i Gildeskål, Hjelme, Kinn og Krødsherad. Frå 1947 til 1958 var han lærar ved Stavdal skole i Solum og frå 1958 ved Hvittingfoss skole i Kongsberg.

Wergeland fekk trykt fleire framhaldsforteljingar i ungdomsbladet Unglyden i siste halvdel av 1920-åra. I USA var han aktiv i «Bondeungdomslaget i New York», med eigne tekstar. Frå slutten av 1950-åra til ut i 1970-åra hadde han både forteljingar og dikt i Norsk barneblad.

I bokform debuterte Wergeland med diktsamlinga Farmanns kvede i 1930. Samlinga har mange dikt med nasjonale tema, og dikta løftar fram norskdom og kristentru som sentrale verdiar.

Storm over Skagastølstind (1969) er ei samling med 21 dikt som tematisk heng saman: Eit lyrisk eg ser tilbake på historia, heilt frå då landet vårt vart busett, gjennom krigar og ufred fram til i dag. Saman med dette går refleksjonar og tankar om det livet han sjølv har levd. Også i Vetteljos over bjarte grender (1972) er dei nasjonale motiva mange, og forfattaren åtvarar mot det han kallar ei forvirra tid. Mot forfallstrekk i samtida set han verdiar som solidaritet med dei fattige, rettferd og sanning.

Wergeland skreiv òg bøker for barn og ungdom. Hardbalne gutar. Forteljing for born (1940), Vågsame karar (1949) og Ut i verda (1953) er skildringar av oppvekst på ein mindre gard på Vestlandet, med leik, arbeid, draumar og ansvar. Både Den store jonsokfesten og Den underlege hola (begge 1951) er bygde opp kring ei rammeforteljing, der ein far fortel til døtrene sine. Den store jonsokfesten er eventyr om dyr, som har klare menneskelege trekk, medan Den underlege hola er ei forteljing om to brør sin oppvekst på ein gard, til dei kjem opp i skulealder.

 

Kjelder

Lars Beite (red.): Norske skolefolk, bd. 2, 3. utg. Stavanger 1966. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007051401025

Gunnar Skavlan ofl.: Bondeungdomslaget, inc, New York. Tiårsskrift. Brooklyn 1935. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no: https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013061208077

Magne Johan Iversen Wergeland i emigrantprotokollen for Bergen 1874–1930. Tilgjengeleg i Digitalarkivet, digitalarkivet.no: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000759182

 

Peikarar

Digitaliserte bøker av Magne Wergeland på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Forfattarside om Magne Wergeland på nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane, forfattarar.sfj.no

Først publisert: 28.04.2021
Sist oppdatert: 28.04.2021