Øystein Ziener
Øystein S. Ziener, litteraturforskar, forfattar og lyrikar som skreiv om kjærleik mellom menn.
Øystein S. Ziener var fødd 16. september 1957 i Vallset i Stange kommune og døydde 10. november 1998. Ziener tok hovudfag i litteraturvitskap ved Universitet i Oslo i 1995 og skreiv hovudfagsoppgåva om den danske forfattaren Herman Bang. Han forska på Bang og var stipendiat ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo då han døydde, og han var skribent mellom anna i Dag og Tid, Vagant, Løvetann og Blikk.
Han debuterte med diktsamlinga Fanga. Fanga i flukta (1992), som handlar om homoseksualitet, å elske menn og finne identiteten sin. Så kom herifrå tel evigheta (1993), som skildrar livet i Vallset, Mellom munnen: Mannen (1995) om homoseksuelle opplevingar og Dikt av en radbrekt dame (1996) om vrangsida av det kvinnelege. I 2006 blei eit utval av dikta hans gitt ut i samlinga Med splitta penn. Ziener skriv om kjærleik mellom menn på ein open og direkte måte.
alfabet
også han var naken
under alle orda
kler eg dei av han
plagg for plagg
står skiljeteikna
framleis mellom oss
tause
talar vi oss
inn mot
og inntil
vi blandar bokstavar
og skriv oss på nytt
i vårt eige alfabet
Øystein S. Ziener: Mellom munnen: Mannen. Aschehoug 1995
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider
Ziener skreiv bøker i fleire sjangrar. Romanen Sykkelstativet. Og jeg (1997) er forteljingar om homofili. Han gav ut barnebøkene Klærne som gikk sin vei (1996) og – JEG? sa Ole (1997) om vennskap og angst, og Så innmari en sykkel kom i 1999.
Utdrag frå Sykkelstativet. Og jeg av Øystein S. Ziener
Han hadde aldri tatt en push-up i sitt liv. Han hadde ikke vært i militæret engang og gjømte seg når noen slåss. Han hadde vært sivilarbeider i en barnehage og skrøyt av det ennå. Han resiterte Inger Hagerup som om'n skulle værra Wenche Foss. Han var litt annerledes enn andre barn på jord, spør du meg. Homo. Garantert. Han visste ikke hva det handla om. Gutter.
Utdrag frå Øystein S. Ziener: Sykkelstativet. Og jeg. Aschehoug 1997
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider
Homoseksualitet? Homotekstualitet? Drift og skrift i Herman Bangs forfatterskap kom i 2001, og boka er ein analyse av forfattarskapen til den danske homoseksuelle forfattaren Herman Bang. Jørgen Lorentzen redigerte og gjennomarbeidde det uferdige manuset.
– JEG? sa Ole er omsett til tysk. Ziener skreiv på både nynorsk og bokmål.
Kjelder
Eva Marie Syversen (red.): Resiproke som pronomen. Om Øystein S. Zieners forfatterskap. Vallset 2007
Forskingsrådet om Øystein S. Ziener, http://www.forskningsradet.no/servlet/Satellite?c=Nyhet&pagename=kjonn%2FHovedsidemal&cid=1232959369927&p=1232959267592 [lesedato 8.10.2011]
Øystein S. Ziener, bibliografi hos Hedmark fylkesbibliotek, http://www.hedmarkslitteraturer.no/forfatterside_ziener.htm [lesedato 8.10.2011]
Peikarar
Bokmelding om Sykkelstativet. Og jeg i Dag og Tid, 4.12.1997
Bokmelding om – JEG, sa Ole i Dag og Tid, 4.12.1997
Sist oppdatert: 25.02.2019