Askov Højskole
Askov Højskole
Askov Højskole, folkehøgskule på Sørjylland som har vore eit flaggskip for folkehøgskulane i Norden, og som hatt mange elevar frå Noreg.
Austmannalaget
Austmannalaget, fylkesmållag for Oppland og Hedmark, vart skipa i 1899.
Bladmannaskulen
Bladmannaskulen, skipa 1919, den første utdanningsinstitusjonen for pressefolk i Noreg. Dei første 20 åra hadde skulen om lag 180 elevar.
Bondeungdomslag
Bondeungdomslag
Bondeungdomslag, nemning for ungdomslag og mållag i byane. Bondeheimane, kaffistovene og lagshusa til har vore viktig for norskdomsrørsla.
Dei nynorske festspela
Dei nynorske festspela
Dei nynorske festspela er ein nasjonal festival som feirar den nynorske skriftkulturen. I 2020 vert det arrangert digitale festspel.
Den norske bokbyen
Den norske bokbyen
Den norske bokbyen er eit titals bruktbokforretningar og antikvariat i Fjærland ved Sognefjorden. I småhus langs strandkanten i Mundal finst det 4000 hyllemeter med bøker. Husa har tidlegare vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale.
Det Norske Samlaget
Det Norske Samlaget, forlag og litteraturselskap. Dette var den første bokklubben i landet og er i dag det fremste forlaget for utgiving av nynorsk litteratur.
Det Norske Spellaget
Det Norske Spellaget
Det Norske Spellaget, eit nynorsk teaterturnéselskap som la grunnen for Det Norske Teatret.
Det Norske Teatret
Det Norske Teatret
Det Norske Teatret starta som eit lite, men ambisiøst nynorskteater i 1913 og utvikla seg i løpet av få tiår til å verte eit nynorsk nasjonalteater.
Det Norske Teatret, teatersjefar
Oversikt over teatersjefar ved Det Norske Teatret.
Eddy Zoltan
Eddy Zoltan
Eddy Zoltan var eit austnorsk danseorkester som var banebrytande for progressiv rock på nynorsk.
Eidsvoll offentlege landsgymnas
Eidsvoll offentlege landsgymnas
Eidsvoll offentlege landsgymnas, skipa i 1922, var det andre offentlege landsgymnaset i landet. Føremålet var at bygdeungdom lettare skulle få tilgang til høgare utdanning. Gymnaset var språkdelt og rekrutterte vesentleg ungdom frå Austlandet. Dagens Eidsvoll videregående skole er eit direkte framhald av Eidsvoll landsgymnas.
Festspeldiktarar, Dei nynorske festspela
Festspeldiktarar, Dei nynorske festspela
Dei nynorske festspela er ein sektorovergripande festival, med både litteratur, musikk og biletkunst på programmet, og har kvart år ein festspeldiktar.
Folkehøgskule
Folkehøgskule er eit nordisk skuleslag med utgangspunkt i tankane til den danske diktarpresten N.F.S. Grundtvig (1783–1872).
Fonna Forlag
Fonna Forlag, nynorsk forlag. Dei har i alle år satsa på populær litteratur og gir framleis ut den legendariske teikneserien Ingeniør Knut Berg.
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, ein årleg festival i Førde i Sogn og Fjordane. Festivalen er den største av sitt slag i Skandinavia og presenterer kring 250 artistar frå ulike delar av verda kvart år.
Garborg-året 2001
Garborg-året 2001
Garborg-året 2001 var ei landsdekkjande markering av 150-årsminnet for kulturpersonlegdomen Arne Garborg sin fødsel.
Hardingtonar
Hardingtonar
Hardingtonar er ein årleg musikkfestival som vert arrangert i Norheimsund og Øystese. Hovudføremålet med festivalen er å hylle og auke kjennskapen til komponisten og hardingen Geirr Tveitt (1908–1981).
Hordaland Teater
Hordaland Teater, regionalt teater.
Idrettslag i Sogn og Fjordane
Det eldste idrettslaget i Sogn og Fjordane er Florøen Skytterlag, forening til ”Udbredelse at Lægemsøvelser og Vaabenbrug” som vart skipa i Florø i 1862.
Idrettsorganisasjonar i Sogn og Fj
Ivar Aasen-instituttet
Ivar Aasen-instituttet, forskingsinstitutt med nynorsk skriftkultur som spisskompetanse. Dette er forskingsdelen av verksemda ved Ivar Aasen-tunet.
Ivar Aasen-selskapet
Ivar Aasen-selskapet, selskap som har til oppgåve å gi ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen og avhandlingar om Aasen og verket hans.
Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet i Ørsta er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur.
Ivar Aasen-året 1996
Ivar Aasen-året 1996, landsdekkjande markering av hundreårsminnet for Ivar Aasens død. Tiltaket blei ein forgjengar for mange seinare forfattarmarkeringar og -jubileum.
Kalottspel
Kalottspel, folkemusikkfestival. I 1949 blei det første spelmannsstemnet arrangert i Målselv, med Målselv Mållag som arrangør og Johan Nymo som drivkraft. Dette blei opptakten til den folkemusikkfestivalen som frå 1970 har vore kalla Kalottspel.
Kringkastingsprisen
Kringkastingsprisen, pris som blir gitt til stemmer i det offentlege som utmerkar seg med godt språk på nynorsk eller dialekt i radio eller fjernsyn.
Kringkastingsringen
Kringkastingsringen
Kringkastingsringen, medlemsorganisasjon for nynorsk i radio og fjernsyn.
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar
Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, ofte kalla nynorskprisen for journalistar, er ein mediepris som blir delt ut til journalistar som nyttar nynorsk.
Landsgymnas
Landsgymnasa var eit viktig skule- og kulturpolitisk element i nasjonsbygginga i Noreg. Ved å problematisere og justere den skeive sosiale og geografiske rekrutteringa til utdanningseliten medverka landsgymnaset til å endre premissane for kven som hadde rett til å definere «det norske».
Landslaget for lokalaviser
Landslaget for lokalaviser, organisasjon skipa i 1976 for å styrkje lokalavisene.
Landslaget for språklig samling
Landslaget for språklig samling, språkorganisasjon som arbeider for eitt samlande norsk skriftspråk, bygd på folkemåla i bygd og by.
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), landsdekkjande medlemsorganisasjon for kommunar og kommunale føretak.
Litteraturdagane i Vinje
Litteraturdagane i Vinje
Litteraturdagane i Vinje er ein nynorsk litteratur- og journalistikkfestival som har vore arrangert i Vinje i Telemark sidan 2001.
Lærarseminar
Målkontor
Målkontor, institusjonar i Noregs Mållag som skulle leie og drive målarbeidet i dei regionale arbeidskrinsane.
Mållaget Heimhug
Mållaget Heimhug, mållag ved Tromsø Seminarium skipa i 1898. Det var eit av dei første studentmållaga i Noreg.
Målvinarlaget
Målvinarlaget, mållag skipa i 1877 ved lærarskulen på Stord. Det sovna inn vel 100 år seinare og vart det eldste elevmållaget i landet.
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, pedagogisk kompetansesenter, oftast kalla Nynorsksenteret.
Noregs Boklag
Noregs Boklag, forlag. Det var dette forlaget som gav ut diktsamlingane av Olav H. Hauge.
Noregs Mållag
Noregs Mållag
Noregs Mållag, landsdekkjande målpolitisk organisasjon. Dette er den viktigaste nynorske medlemsorganisasjonen.
Noregs Ungdomslag
Noregs Ungdomslag
Noregs Ungdomslag (NU), landsdekkande samanslutning for ungdomslag i Noreg, starta i 1896.
Normannalaget
Normannalaget var det første mållaget i Amerika.
Norsk Bladmannalag
Norsk Bladmannalag, organisasjon skipa i 1913 for å fremje aviser og blad på nynorsk. Laget oppretta pressekontor, stod for den første journalistutdanninga her i landet og lanserte tanken om eit nynorsk leksikon.
Norsk Bokmannslag
Norsk Bokmannslag, organisasjon for nynorske forfattarar skipa i 1910, innsovna mot slutten av 1970-åra.
Norsk Boksamling
Norsk Boksamling, Anton Aures samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt, kjøpt av Det Norske Samlaget i 1925 og deponert i Universitetsbiblioteket, som supplerte samlinga fram til 1979. Delar av samlinga er i dag plassert i Ivar Aasen-tunet.
Norsk Måldyrkingslag
Norsk Måldyrkingslag, akademi for nynorsk, som står for eit språkleg konservativt syn, skipa i 1928.
Norsk Målungdom
Norsk Målungdom, landsfemnande og sjølvstendig ungdomsorganisasjon for Noregs Mållag.
Norsk språknemnd
Norsk språknemnd, rådgivande organ for styresmakter og ålmente i språkspørsmål 1952–71. Nemnda utarbeidde læreboknormalen av 1959.
Norsk språkråd
Norsk språkråd, statens rådgivande organ for norsk språk 1972–2004, vidareført av Språkrådet frå 2005. Rådet endra bokmålsrettskrivinga og gav ut Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
Norsk stadnamnarkiv
Norsk stadnamnarkiv
Norsk stadnamnarkiv, skipa i 1921 og frå 1939 statsinstitusjon. I 2016 vart stadnamnsamlinga overført frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen.
Norske kulturbygg
Norske kulturbygg, samskipnad for kaffistover og bondeheimar. Organisasjonen vart lagd ned i 2012.
Norske Lagsbruk
Norske Lagsbruk, samskipnad for kaffistover og bondeheimar. Organisasjonen vart lagd ned i 2012.
NRK Nynorsk mediesenter
NRK Nynorsk mediesenter
NRK Nynorsk mediesenter, kompetansesenter for nynorsk journalistikk. På få år er denne institusjonen blitt ein viktig leverandør av radio- og fjernsynsjournalistar.
Nynorsk Antikvariat
Nynorsk Antikvariat
Nynorsk Antikvariat er det antikvariatet som har det nest største utvalet av bøker i landet. Nynorsk Antikvariat held til i Tvedestrand.
Nynorsk kultursentrum
Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting og ein nasjonal kulturinstitusjon som arbeider for nynorsk skriftkultur. Stiftinga skal vere den viktigaste formidlaren av nynorsk identitet og sjølvtillit. Nynorsk kultursentrum femner om avdelingane Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Vinje-senteret i Vinje og leksikonet Allkunne.
Nynorsk litteraturpris
Nynorsk litteraturpris, skjønnlitterær pris for bøker på nynorsk og dialekt.
Nynorsk pressekontor
Nynorsk pressekontor, pressebyrå.
Olav H. Hauge-senteret
Olav H. Hauge-senteret
Olav H. Hauge-senteret er ei avdeling av Nynorsk kultursentrum og ligg i Ulvik i Hardanger. Senteret har som oppgåve å formidle lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser.
Olav H. Hauge-stipendet
Olav H. Hauge-stipendet, lyrikkpris for unge diktarar.
Ole Bull Akademiet
Ole Bull Akademiet
Ole Bull Akademiet, utdanningsinstitusjon som formidlar og gir kunnskap om norsk folkemusikk til studentar på høgskular og universitet.
Osafestivalen
Osafestivalen
Osafestivalen, folkemusikkfestival arrangert på Voss sidan 1992, med namn etter spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa.
Penna Forlag
Penna Forlag, forlag med base i Førde i Sunnfjord. Har som mål å gi ut bøker for folk flest, særskilt retta mot vestlandsregionen.
Pønskarlaget
Pønskarlaget
Pønskarlaget, ein klubb av filologistudentar ved universitetet i Kristiania som møttest for å drøfte vitskaplege emne på landsmål, mest aktive i åra 1903–1912.
På Norsk L/L
På Norsk L/L
På Norsk L/L, norsk plateselskap som gav ut innspelingar med tekstar på nynorsk og dialekt. Selskapet hadde utgivingar innanfor mange ulike sjangrar, frå rock til diktopplesingar.
Rogaland offentlege landsgymnas
Rogaland offentlege landsgymnas
Rogaland offentlege landsgymnas vart skipa som privat landsgymnas på Bryne i 1924, fekk eksamensrett i 1929 og vart statleg i 1947.
Selja Forlag
Selja Forlag vart skipa i Førde i 1996 og er eit reint nynorskforlag. Forlaget har gitt ut kring 150 bøker, alle retta mot bokmarknaden på Vestlandet.
Skald forlag
Skald forlag vart skipa i Leikanger i 1991, og har gitt ut over 160 bøker i ei rad ulike sjangrar. Forlaget gir i hovudsak ut bøker på nynorsk.
Språkåret 2013
Språkåret 2013
Språkåret 2013 er nemninga på det nasjonale språkåret i 2013. I løpet av året feira heile Noreg nynorsk, bokmål, samiske språk, historiske minoritetsspråk, teiknspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret hadde over 3300 arrangemet.
Storegutprisen
Storegutprisen, pris for positiv og levande bruk av nynorsk.
Studentmållag
Studentmållag, mållag som organiserer studentar ved universitet og høgskular. Særleg har Studentmållaget i Oslo spela ei viktig rolle i å fremje nynorsk på det akademiske feltet.
Teater Vestland (tidl. Sogn og Fjordane Teater)
Teater Vestland, tidlegare Sogn og Fjordane Teater, regionalt teater i Førde.
Teaterslaget
Teaterslaget, nemning for eit vekelangt opprør i og omkring Det Norske Teatret då dette opna i Kristiania i oktober 1913.
Telemark Museum
Telemark Museum er det kulturhistoriske museet for Telemark fylke. Museet har tilhald på garden Søndre Brekke i Skien, som er omkransa av den 36 mål store Brekkeparken. I parken finst ei fin samling bondestover, løer, loft og bur frå ulike delar av fylket.
Troms offentlege landsgymnas
Troms offentlege landsgymnas var det første landsgymnaset i Nord-Noreg, lokalisert i Finnfjordbotn ved Finnsnes i Troms frå 1949. Det medverka til å opne vegen for at fleire bygdeungdomar frå landsdelen kunne skaffe seg høgare utdanning.
Ulvik poesifestival
Ulvik poesifestival
Ulvik poesifestival har som føremål å fremje Olav H. Hauges forfattarskap og dessutan lyrikk i ulike former. Det er Olav H. Hauge-senteret som står bak festivalen, som vert arrangert i Ulvik i byrjinga av september annakvart år.
Vestlandsbanken
Vestlandsbanken, finansinstitusjon. Banken var sentral i utviklinga av vestlandsk næringsliv og gav det økonomiske grunnlaget for mange nynorsktiltak.
Vestlandske Mållag
Vestlandske Mållag, fylkesmållag stifta i 1904.
Vestmannalaget
Vestmannalaget, landsdekkjande mållag. Organisasjonen er det eldste mållaget i landet.
Vinjerock
Vinjerock
Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival som vert arrangert på Eidsbugarden i Jotunheimen kvar sommar. Talet på billettar er avgrensa til 3000, for å skåne festivalområdet.
Vinje-senteret
Vinje-senteret
Vinje-senteret er eit nasjonalt dokumentasjons- og formidlingssenter for språk, dikting og journalistikk og ligg på fødestaden til A.O. Vinje i Vinje i Telemark. Senteret er ein del av Nynorsk kultursentrum.
Vinlands Mållag
Vinlands Mållag, amerikansk mållag som var i drift frå 1972 til 1999, og som gav ut nynorskavisa Ny Verd.
Voss offentlege landsgymnas
Voss offentlege landsgymnas var det første offentlege landsgymnaset i Noreg.
Årets nynorskbrukar
Årets nynorskbrukar
Årets nynorskbrukar, pris som kvart år går til ein person eller institusjon for deira bruk av nynorsk.
Årets nynorskkommune