Årets nynorskbrukar er ein pris som kvart år går til ein person eller institusjon for deira bruk av nynorsk.

Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Prisen er på 100 000 kroner og eit diplom, tidlegare også eit grafisk blad av Arne Nøst. Prisen blir kvart år delt ut under opningshøgtida for Festspela i Ørsta.

Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.

Årets nynorskbrukar 2000–

År Mottakarar
2000 Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård
2001 Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge
2002 Ringstabekk skole
2003 Redaktør Martin Toft
2004 Musikkgruppa Side Brok
2005 Forfattar Kjartan Fløgstad
2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010 Forfattar Maria Parr
2011 Bloggar Linda Sæbø
2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
2013 Professor i filosofi Gunnar Skirbekk
2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga
2015 Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg
2016 Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand
2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta
2018 Generalsekretær i Høgre John-Ragnar Aarset
2019 Frisørkjedene Floke og Balanzera
2020 Lege og professor Geir Sverre Braut
2021 Bergen kommune
2022 Klimaforkjempar og forfattar Gaute Eiterjord
2023 Framtida Junior

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg