Hopp til innhold
X
Innhald

Årets nynorskbrukar

Årets nynorskbrukar, pris som kvart år går til ein person eller institusjon for deira bruk av nynorsk.

Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Prisen er på 100 000 kroner og eit grafisk blad av Arne Nøst. Prisen blir kvart år delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela i Ørsta.

Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.

Årets nynorskbrukar 2000–

2000

Høgsterettsdomar Karl Arne Utgård

2001

Hotelldirektør og visepresident i NHO Gerd Kjellaug Berge

2002

Ringstabekk skole

2003

Redaktør Martin Toft

2004

Musikkgruppa Side Brok

2005

Forfattar Kjartan Fløgstad

2006

Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa

2007

Forlagsredaktør Guri Vesaas

2008

ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin

2009

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal

2010

Forfattar Maria Parr

2011

Bloggar Linda Sæbø

2012

Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise

2013

Professor i filosofi Gunnar Skirbekk

2014

Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga

2015

Kunsthistorikar og journalist Jorunn Veiteberg

2016

Facebook-omsetjar Martine Rørstad Sand

2017

Generalløytnant Morten Haga Lunde, sjef Etterretningstenesta

2018

John-Ragnar Aarset, generalsekretær i Høgre

2019

Frisørkjedene Floke og Balanzera

Først publisert: 20.03.2017
Sist oppdatert: 07.03.2019